Kokken, bonden og reiselivet

Matnyttige dagar i Lom!

Om du er kokk eller bonde, tradisjonell eller utradisjonell, reiselivsbedrift, utdanningsaktør eller politikar, eller berre glad i god norsk mat – velkomen til Lom!

Målet med denne konferansen er å skape begeistring og stoltheit på tvers av fagfelta, gi ny motivasjon og samtidig vera med å sikre rekrutteringa til matfaget, landbruket og reiselivet.

Konferansen Kokken, bonden og reiselivet varer frå lunsj til lunsj onsdag 6.november - torsdag 7. november 2019.

Opplæringskontoret Brimi-kjøken inviterer til erfaringsutveksling og inspirasjon i nasjonalparklandsbyen Lom.

www.brimikjoken.no


Mikael Genberg

Opplev mannen som forhandlar med NASA om ei hytte på månen. Med ein heilt unik energi og utstråling på scena sprer Genberg latter og innsikt med ein inspirerande ettersmak.
Ikkje vær redd – det umoglege er mogleg, skal vi tru kunstnaren, gründaren og innovatøren Genberg.

Genberg har bakgrunn som kunstnar i tradisjonelle kvite rom, men har dei siste åra utvida arbeidet sitt til fantastiske hotellprosjekt, mellom anna undervannshotellet Utter Inn, trehushotellet Hotell Hackspett. Genberg vil halde eit inspirerande og spennande foredrag i Lom.

ARNE BRIMI

Vår «eigen» Arne Brimi er sjølvskriven på konferansen. Brimi har fått fleire utmerkingar og prisar for sitt engasjement og formidling av norsk matkultur, og vart utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Han har forfatta eit titals kokebøker, driv i dag Vianvang i Vågå og har nyleg kjøpt praktgarden Sundhågån saman med tre datterselskap av Coop-konsernet.

Brimi brenn for gode, gjerne lokale råvarer og ser fram til inspirerande og engasjerande dagar i Lom.

Laila M. Berge

– Eg brenn for sidestilling av yrkesfag og studiespesialisering! Har arbeidd i hotell- og restaurantnæringa i 43 år, og har ikkje angra ein dag.

Berge har arbeidd i Lærlingekompaniet sidan 1997, og har jobba som resepsjonist, servitør og vinkelner.



Eivind Haalien

Eg brenn for god mat som er laga med både hjarte, hender og hovudet. Og så liker eg bra måltid som bidreg til gode samtaler, gode opplevingar og gode minner.

Haalien er kategorisjef for Lokalmat- og Spesialiteter i NorgesGruppen ASA og held foredraget Lokalmat i Norgesgruppen – Kva, kvifor og korleis?



Ingrid Gauden

– Eg brenn for ei framtidsretta og relevant fagopplæring, tilpassa ei næring i vekst, seier Ingrid Gauden frå NHO Reiseliv.

Ho har vore i NHO Reiseliv sidan august i år, som politisk rådgjevar med ansvar for rekruttering og kompetanse. Tidlegare har ho arbeidd med utdanningspolitikk i Kunnskapsdepartementet.


Olav Lie-Nilsen

– Eg brenn for Norsk mat og matproduksjon, matkultur og måltidsopplevingar, eigerskap og verdiskaping. Eg gler meg til å ta turen til Lom!

Nilsen driv Thorbjørnrud Hotel og Øvre Kjekshus, og vil halde foredrag om eierskap i verdikjeda.


Øystein Rudi

Saman med Nina er Øystein Rudi vert på Rudi Gard på Sør-Fron, og dei har sidan år 2000 utvikla kulturarrangement og opplevingar slik at dette er no hovudnæring på garden. Dei fleste aktivitetar har utgangspunkt i landbruk, kulturlandskap og lokale ressursar.

Rudi er no direktør for Gudbrandsdalsmusea. I tillegg til å være landets mest profilerte spellemenn driv han tradisjonelt landbruk på garden og skjøtsel på kulturlandskap og 30 hus i dalen og på fjellet.

Rudi er vår konferansier under Kokken, Bonden og Reiselivet i Lom i år.




Program

Onsdag 6. november

«Gastronomisk kulturvandring – med smakar frå Jotunheimen»
Lom sentrum, kl. 9.30 – 11.30. Eiga påmelding når du bestiller! 

9.30: Fossheim hotell, oppmøte og velkomst

9.35: Fossheim steinsenter, mat og stein, kort omsyning

10.00: Smak i Lom: Smak av Lomb øl og spekemat

10.30: Bakeriet i Lom, bolle smaksprøve og kaffe

11.00: Presthaugen, buljong frå Nordal

11.25: Avslutning, attende til Utgard

11.30–12.30: Lunsj og registrering

13.30: Velkomen til konferanse
Velkomen ved Unni Strand –  dagleg leiar i Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Inspirasjon
12.45:     Arne Brimi – Vianvang 

13.15:     Christopher Davidsen – kjøkensjef hjå Speilsalen på Britannia Hotel

Aktivitetsbasert reiseliv
13.45: Geir Ulekleiv – gardbrukar og driv Vigga Vekst

14.10: Sigrid Henjum – friluftskokk

14.40: Pause

Energipåfyll med smakar frå grillen til Arne Brimi.

Rekruttering

15.20:     Laila Berge – Lærlingekompaniet

15.50:     Bjørg Aaseng Vole fortel om Brimikjøken         og Lærlingkontoret i Gudbrandsdal

16.20:     Marthe Dypdalen, Nord-Fron Bondelag. 

16.45:     Ingrid Gauden, NHO Reiseliv 

17.15 :     Lærlingar. Øystein Rudi intervjuar lærlingar om deira val. 

Oppsummering.

19.00: Aperitiff på Norsk Fjellsenter med kulturelt innslag 

20.00: Middag på Brimibue

Torsdag 7. november

07.30:     Morgonbad i Bøvra, med buljong til dei som badar

Inspirasjon

09.00: Cathrine Vierli Selvaag – Ryfylkekokken

09.30:    Mikael Genberg – kunstnar, gründer og innovatør frå Sverige

Landbruk

10.30:  Ola Kaurstad, geitbonde på Valbjør i Vågå og lokalmatprodusent

10.50: Olav Lie Nilsen,  Thorbjørnrud Hotel og Øvre Kjekshus gard

11.20: Pause med forfrisking

Lokalmat

11.50: Petter Brinchmann, leiar for Nortura PROFF

12.20: Gudbrandsdalsmat

12.40: Eivind Haalien, Norgesgruppen

13.10: Reinsdyr som merkevare, råvare og
 arbeidsplass

Bjørn Ekerbakke, Bessheim Fjellstue – bruk av rein som råvare og merkevare

 Erland Vangberg - lærling i Lom tamrein

Ola Vaagaasarøygard – overgjetar i Vågå tamrein AS

13.55: Oppsummering 

14.00: Lunsj og vel heim


Med atterhald om endringar. 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon