AVLYST: Juniorinstruktørkurs (Ålesund)

Juniorinstruktørkurs i Ålesund

DETTE KURSET ER DIVERRE AVLYST

Helga 23.-25. august 2019 vert det arrangert juniorinstruktørkurs i folkedans i Ålesund med instruktør Siri Strige. Kurset er eit nasjonalt instruktørkurs som er ope for alle i målgruppa 12-18 år. Arrangør er Noregs Ungdomslag i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Ungdomslaget Ivar Aasen. Kurset finn stad på UL Ivar Aasen si hytte, Høgda, på Emblemsfjellet i Ålesund. På hytta vert det overnatting, mat, mykje sosiale aktivitetar og sjølvsagt mange kjekke timar med kurs.  

Hugs å melde deg på innan fristen 6. august i dette skjema: www.deltager.no/juniorinstruktor 

 

Om kurset:  

Juniorinstruktørkurset er for dei yngste instruktørane som underviser dei yngste barna. På dette kurset vil deltakarane læra gode dansar og danseleikar for barn, metodar for å arbeida med barn, og korleis du kan vera eit godt forbilde som instruktør. Kurset går over 12 timar fordelt over heile helga. 

Målgruppa for kurset er unge dansarar i alderen 12-18 år, som underviser yngre barn eller som er med som hjelpeinstruktørar. Det er ikkje eit krav at ein må ha undervist dans tidlegare då kurset også er ope for dei som berre er nysgjerrige på det å vera instruktør. 

Kurset finn stad på hytta til UL Ivar Aasen på Emblemsfjellet, kalla Høgda. Meir informasjon om hytta finn ein her: http://www.ulivaraasen.no/hoegda-hytta-vaar-paa-emblemsfjellet.4849613-171625.html. Dette instruktørkurset vert lagt opp som ei helgesamling med oppstart fredag kl. 18 og avslutning sundag kl. 14. Det vert felles overnatting, måltider, sosiale aktivitetar og kurs på hytta heile helga. Ungdomslaget Ivar Aasen er lokalt vertskap og står for alt det praktiske ved gjennomføringa av helga. Dei vil vera behjelpelege med å hente/bringe frå offentleg transport, ordne med mat og vera tilstades heile helga. 

 

Om instruktøren:  

Instruktøren på kurset er Siri Strige frå Bodø. Siri har lang erfaring som instruktør for barn, ungdom og vaksne og har gjennom mange år bygd opp eit solid dansemiljø for barne og ungdom i Bodø. Ho har også vore mykje brukt som instruktør på fleire av NU sine kurs. 
 

Foreløpig tidsplan:  

Fredag startar med registrering og innlosjering på hytta frå kl. 17 og kurs frå kl. 18. Sundag avsluttar me kl. 14. Totalt vert det ca. 12-13 timar med kurs, resten av helga vert det mykje sosiale aktivitetar, overnatting og måltid i lag på hytta. Detaljert timeplan vert sendt ut etter påmeldingsfristen i lag med anna praktisk informasjon. 
 

Reise og overnatting: 

Alle deltakarane overnattar på hytta i lag med frivillige frå UL Ivar Aasen heile helga. OBS: Ein må sjølv ta med sovepose eller dyne, laken og putetrekk. 

Kvar enkelt deltakar bestiller og betaler for reise sjølv. Meld frå i påmeldingsskjema dersom det er behov for å bli henta og køyrd til flyplass eller busstopp. Ellers er det mulig å køyre heilt fram til hytta dersom ein køyrer sjølv eller vert køyrd av familie/vener. 

Til Ålesund går det fly, ein kan ta tog til Åndalsnes og buss vidare til Ålesund i tillegg til at det går ein del bussar lokalt. Sjå meir informasjon for bussar her: https://frammr.no/ezflow_mrfylke/ruter?lang=nn 

Ta kontakt dersom du er usikker på korleis du skal kome deg til kursstaden, så vil me hjelpe så godt me kan.  


Prisar:  

  • Medlem i Noregs Ungdomslag (NU): 1300 kr. 

  • Ikkje-medlem: 1700 kr.  

PS: Det kan lønne seg å melde seg inn som medlem i NU, ta kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no dersom du vil bli medlem. 

Prisen dekker kurs, alle måltid, sosiale aktivitetar og overnatting. Reise må kvar enkelt deltakar betale. Eit tips er å søke lokal- eller fylkeslag om stønad til kursavgift og reisekostnadar. 

  
Påmelding:  

Påmelding til kurset skjer via registreringsskjema på www.deltager.no/juniorinstruktor med siste frist for påmelding 06.08.19. 

Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for avmelde deltakarar vert ikkje refundert etter denne fristen. 

Betal med kort eller få faktura tilsendt til laget (bruk av kampanjekode):  

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden "ålesund" i det siste feltet. 

Hugs at du må få stadfesting for påmeldinga på e-post for at den skal vera gyldig, ta kontakt om du er usikker på om du er påmeldt. 

 

 

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar solveig@ungdomslag.no. 

 
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon. 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon