Jølster IL Alpin Skiskule 2019/2020


Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster IL Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!

Treningane er delt opp i 3 ulike grupper ut frå alder og ferdigheit. Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste Gruppe C. For nye medlemmer ber vi om at ein følger aldersgruppa som er rettleiande for gruppa. Dei som har vore med forrige sesong melder seg på i den gruppa dei tilhøre.

For dei som gjekk på Nybyrjarkurs siste år er det Gruppe A som blir neste steg for denne sesongen.

I år som i fjor vil vi arrangere Nybyrjarkurs. Vi vil lage ein eiga påmelding for dette når det nærmar seg og dato blir oppsett. Alle som deltek på Nybyrjarkurs vil kunne fortsette på Gruppe A etter kurset.

Vidare informasjon vil kun bli gitt på heimesida www.jolsteralpin.no og Facebook sida Jølster IL Alpin. Meld deg inn i dag!

  • Nybyrjarkurs kjem informasjon via nettsida og facebook etter kvart. Det vert sett opp eiga påmelding.


  • Gruppe A

    • Aldersgruppe 2014-2011 (rettleiande)

    • Tidspunkt: måndag 18:15 til 19:45. Oppstart  6. januar og held fram til månadsskiftet mars/april. Treninga vil være i området rundt Hauglandsheisen (barnebakken), og når gruppa er klar for det, vil ein forflytte seg til Familiebakken.  

    • Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før. Treninga vil være i Hauglandsheisen, barneheisen ved mellomstasjonen. Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.

    • I denne gruppa må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.


  • Gruppe B

    • Aldersgruppe 2013-2010. (rettleiande)

    • Tidspunkt: måndag og torsdag 18:15 til 19:45. Oppstart så snart bakken opnar. Held fram så lenge det er snø. Viktig å følgje med på Facebook og nettsida for info.

    • Gruppe B høver for dei meir erfarne som meistrar å følgje stor heis.

    • Treningane vil vektlegge svingteknik og alpinferdigheter. Storslalom på måndag i Familiebakken, og slalom i Bjørkelibakken (nederste del av skisenteret) på torsdagar. Vi søker å ha fokus på alpinferdigheter samstundes som treningene skal bære preg av skileik og glede.

    • Dei dagane vi nyttar familiebakken vil det være mykje rom for frikøyring i den delen der det ikkje blir satt løype. 


  • Gruppe C 

    • Aldersgruppe 2009 (U12) - og eldre aktive utøvarar. (fast nedre aldersgrense)

    • Treningstid: måndag og torsdag kl 17:45 – 20:00. Oppstart så snart bakken opnar. Held fram så lenge det er snø.

    • Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.

    • Treningane vil fokusere på Storslalåm, SuperG og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)


  • Jølster Masters

    • Skitrening for /ungdom/voksne som vil ha det gøy på ski (frå 20 år og oppover). Passar for dei som vil prøve seg i løype med eller utan tid. Dette tilbodet kjem eventuelt til å bli satt opp om det medier seg interesse for det. Eventuelt i eiga påmelding seinare i vinter.


For å delta på Jølster IL Alpin sine aktivitetar er det ein forutsetning at ein har løyst gyldig heiskort hos Jølster Skisenter. Desse er å få kjøpt på nettsida til Jølster Skisenter gjennom heile sesongen. Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort,. Barn under seks år får gratis sesongkort, men må kjøpe keycard og registrere dette på samme måte som om man kjøper sesongkort.

Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.

Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Har du spørsmål, ta kontakt med Fabian Bergqvist mobil 413 06 576, eller send epost til post@jolsteralpin.no

Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter

 

Registreringsskjema

Klasse/kategori
 *
Fornavn
 *
Etternavn
 *
Fødselsår
 *
Foresatt
 *
Adresse
Postnummer
 *
E-post adresse
 *
Gjenta e-post
 *
Mobil
 *
Eg bekreftar herved at mitt barn vil ha med seg ein ansvarleg voksen under trening, så lenge barnet treng dette. Eg er innforstått med at trenarane ikkje har ansvar for verken heiskøyring, eller at borna greier å køyre ned bakken. (gjeld ikkje Nybyrjarkurs)
 *
 *