Instruktørkurs: Suldalsspringar (Stavanger)

Instruktørkurs i Suldalsspringar

Arrangør: Noregs Ungdomslag


Om kurset: 

Helga 8.-10.mars 2019 arrangerer Noregs Ungdomslag instruktørkurs i den lokale bygdedansen Suldalsspringar. Kurset er eit nasjonalt instruktørkurs som er ope for alle og vert arrangert i samarbeid med BUL Stavanger og Ryfylkemuseet. Instruktørkurset foregår fredag-sundag på Siddis-stova, sentralt i Stavanger. 

Innanfor bygdedansane har me store lokale variasjonar og individuelle særtrekk. På dette kurset vil du kunne fordjupa deg i den lokale bygdedans Suldalsspringar og læra metodar for formidling av dansen til barn, ungdomar og vaksne. Målgruppa for kurset er deg som har dansa Suldalsspringar og som ynskjer å fordjupe deg i dansen og lære metodar for å læra den vekk.

Laurdag kveld er det også stor dansefest på Siddis-stova der mellom andre ungdom frå Bygda dansar Rogaland (Rogalender) deltek, les meir om konseptet Fuglen her: www.facebook.com/FuglenFolk og Bygda dansar her: www.bygdadansar.no


Påmelding må skje via skjema nederst på denne sida innan onsdag 20.februar. Påmeldinga er no steng, men det er framleis ledige plassar. Ta kontakt dersom du ynskjer å melde deg på.


Om instruktøren: 

Vegar Vårdal er ein allsidig folkedansar og -musikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Han er og fagleg ansvarleg for vidareutdanningskurset ”Norsk folkeleg dans”. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle tilbakemeldingar som kan hjelpa deg til å bli ein endå betre dansar og meir bevisst på din eigen dans.

Toradarspelar Håvard Ims er kursets musikar og kjem til å gje deg ekstra motivasjon og inspirasjon gjennom heile helga.


Kurstider: 

Fredag: 19:00-21:30
Laurdag: 10:00-16:30 (+ dansefest FUGLEN kl. 19:00 www.facebook.com/FuglenFolk)
Sundag: 10:00-15:30

(Med atterhald om endringar). 



Kursstad:  

Kjellaren i Siddis-stova, Rektor Oldensgt 17, 4022 Stavanger.


Reise og overnatting:

Alle deltakarar er sjølv ansvarleg for å planlegge og betale for eventuelle reise- og overnattingskostnadar. 

Næraste hotellet er Clarion Hotel Energy og her får du som deltakar på kurset tilbod om "sportspris". Oppgje at du skal på kurs med BUL Stavanger som har avtale om sportspris så vil du få denne fordelen (https://www.nordicchoicehotels.no/hotell/norge/stavanger/clarion-hotel-energy/). 


Prisar: 

Kurset er sterkt subsidiert frå NU og kostar difor berre 400,- for medlemar i NU. Er du ikkje medlem i NU kostar kurset 800,-.

Lunsj og kaffi/frukt er inkludert i kursprisen. 

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 

Påmelding til kurset skjer via www.deltager.no/instruktorkurs_suldalsspringar med siste frist for påmelding onsdag 20.februar kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar solveig@ungdomslag.no.


Betal med kort eller få faktura tilsendt til laget (bruk av kampanjekode): 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden SULDAL i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Foto av Vegar Vårdal: Signe Fuglesteg Luksengard


OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon