Instruktørkurs samdansteknikk


Velkomen til Instruktørkurs i samdansteknikk med Vegar Vårdal 28.-29.april 2018 i Oslo 

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard 

Påmeldingsfrist onsdag 11.april 

høve NU si Landsmøtehelg i Oslo 27.-29.april 2018 skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs i samdansteknikk 28.-29.april. 
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med landsmøtet. Det vil seie at du ikkje kan delta på både landsmøte og instruktørkurs. 

Laurdag kveld er det festmiddag på Scandic Hotel St. Olavs plass og dansefest i BLS med Vegar Vårdal, Patrik Andersson og Åsmund Reistad. Festmiddagen er open for landsmøtet og kursdeltakarar, medandansefesten er open for alle andre også. 
 
Om kurset: 
Innanfor norske dansetradisjonar er det mykje samdans, og dette kurset tek føre seg teknikkar og verktøy som instruktørar kan gje til dansarar for å verta betre samdansarar. Kurset fokuserer mellom anna på rotasjon, læra å sjå og observere, kva mekanikkar i kroppen som ligg til grunn for rotasjonsteknikk, og utprøving av det å føra å fylgja. Kurset vil sjå på bredda i vår folkedanstradisjon, og hente konkrete eksempel frå runddans og bygdedans. Dei som ynskjer vil få høve til å instruere i løpet av helga og ein vil då få attendemelding frå Vegar.

Om instruktøren: 
Vegar Vårdal er ein allsidig folkedansar og -musikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Han er og fagleg ansvarleg for vidareutdanningskurset ”Norsk folkeleg dans”. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle tilbakemeldingar som kan hjelpa deg som dansar og instruktør. 

Målgruppe:  
Kurset er ope for deg som har instruert ein del før, men også for deg som ikkje har instruert tidlegare og som er nysgjerrig på instruktørrolla.  Det er ein fordel om du har ein del erfaring med runddans og/eller bygdedans.  

Kurstider: 
Laurdag 09:00-16:00 
Sundag 09:00-15:00 

Festmiddag laurdag 18:00 
Dansefest laurdag 20:00 

(Med atterhald om endringar). 

Kurslokale:  
BLS (Bygdelagssamskipnaden), Nordahl Bruns gate 220165 Oslo 
 
Prisar: 
Kurs (medlem i NU) 400,- 
Kurs (ikkje-medlem) 800,- 
Overnatting i enkeltrom fre-sun 2580,- 
Overnatting i enkeltrom laur-sun 1290,- 
Overnatting i dobbeltrom fre-sun (pris per pers) 1490,- 
Overnatting i dobbeltrom laur-sun (pris per pers) 745,- 
Festmiddag laurdag 495,- 

Dansefesten laurdag kveld, lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen. 

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 
Påmelding til instruktørkurset skjer via https://www.deltager.no/instruktorkurs_samdansteknikk. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag  11. april. 

Spørsmål om kurset kan rettast til  solveig@ungdomslag.no. 

Betaling: 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden FAKTURA LM i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar. 


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.