Grunnleggande instruktørkurs (Lakselv)

Grunnleggande instruktørkurs i folkedans i Lakselv

Arrangør: Noregs Ungdomslag


Om kurset: 

Helga 26.-27. oktober 2019 arrangerer Noregs Ungdomslag grunnleggande instruktørkurs i Lakselv. Kurset er eit nasjonalt instruktørkurs som er ope for alle og vert arrangert i samarbeid med rekrutteringsprosjektet i Lakselv v/ Gro Skanke. Instruktørkurset foregår laurdag-sundag på Lakselv kino og kultursal.

På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren eller målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans. Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som vert brukt innanfor dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette.

Påmelding må skje via skjema nederst på denne sida! Påmeldinga er framleis open!


Om instruktøren: 

Anette Figenschou kjem frå Bodø og er ein dyktig instruktør og dansar. Til dagleg arbeider ho som lærar og er difor ein særs dyktig pedagog. Anette er ein av fleire eldsjeler som har fått til eit levande og ungt dansemiljø i Bodø, og ho har stor kunnskap om det å leie ei gruppe. Ho vil lære deg mange nyttige metodar for gruppeleiing og for korleis lære vekk dansar og øvingar til andre.

Musikar på kurset er Mikal Lundemo.


Kurstider: 

Laurdag: 09:00-17:00
Sundag: 09:00-15:00

(Med atterhald om endringar). 


Kursstad:  

Lakselv kino og kultursal, Kirkeveien 28, 9700 Lakselv.


Reise og overnatting:

Alle deltakarar er sjølv ansvarleg for å planlegge og betale for eventuelle reise- og overnattingskostnadar. 

Anbefalar overnatting på Lakselv hotell eller Porsanger Vertshus.

Enklaste reisa går til Lakselv flyplass. 


Prisar: 

Kurset er sterkt subsidiert frå NU og kostar difor berre 400,- for medlemar i NU. Er du ikkje medlem i NU kostar kurset 800,-, men det kan difor løne seg å bli medlem i NU før ein melder seg på kurset. Ta kontakt så ordnar me det.

Lunsj og kaffi/frukt er inkludert i kursprisen, frukost/middag/kvelds står deltakarane for sjølve.

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 

Påmelding til kurset skjer via www.deltager.no/instruktorkurs_lakselv med siste frist for påmelding torsdag 10. oktober kl. 23:59. PS: påmeldinga er framleis open.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar solveig@ungdomslag.no.


Betal med kort eller få faktura tilsendt til laget (bruk av kampanjekode): 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden LAKSELV i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Foto: Anne-Marte Før

OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon