Instruktørkurs i revy (Lavangen)

Velkomen til instruktørkurs i revy 12.-13. januar 2019 i Lavangen!

Om kurset:

Revy er ein sjanger som har lange tradisjonar i ungdomslag. Dei fleste vel å skrive sin eigen revy, men det finst òg mange revytekstar de kan leige. Dette kurset tek difor for seg instruktørrolla frå eit tidlegare stadium enn dei andre kursa. Frå skriveprosessen startar, til premiere. Korleis handtere tekstar skodespelarane har skrive sjølve? Korleis syr de saman ein god revy? 

Om instruktøren: 
Morten Rudå var med å starte revygruppa Great Garlic Girls i 1981, og har sidan fått brei skodespelar-erfaring. Han er skodespelar-utdanna frå The American Academy of Dramatic Arts i New York og utdanna som teaterpedagog frå Kunsthøgskolen i Oslo -  der han no underviser i rolleformidling. Rudå har vore instruktør for Noregs Ungdomslag i ei årrekkje og bruker gjerne Meisnerteknikken som metode.

Målgruppe:  
Kurset er ope for deg som har instruert ein del før, men også for deg som ikkje har instruert tidlegare og som er nysgjerrig på instruktørrolla eller ønskjer å lære fleire teknikkar som kan brukast i revyarbeid. 

Medlem av NU: 400,-
Ikkje-medlem: 800,-

 

KURSPROGRAM


Laurdag 

Kl. 10.00 Registrering

Kl. 10.15 Oppvarmingsteknikkar 

Kl. 12.30 Lunsj

Kl. 13.00 Workshop

Kl.17.00 Ferdig for dagen


Søndag

Kl. 10.00  Oppvarmingsteknikkar

Kl. 12.30 Lunsj

Kl. 13.00 Workshop og litt om amatørteaterdrift

Kl. 16.00 Kursslutt                              


Med atterhald om endringar i programmet. 


                                                                                                  Kursinstruktør er Morten Rudå.




Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon