Handsaum av dåpsluer


Velkomen til kurs i handsaum av dåpsluer med Mona Løkting 28.-29.april 2018 i Oslo 

Påmeldingsfrist onsdag 11.april 

høve NU si Landsmøtehelg i Oslo 27.-29.april 2018 skipar Noregs Ungdomslag til eit kurs i handsam av dåpsluer  28.-29.april. Kurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med landsmøtet. Det vil seie at du ikkje kan delta på både landsmøte og instruktørkurs. 

Laurdag kveld er det festmiddag på Scandic Hotel St. Olavs plass og dansefest i BLS med Vegar Vårdal, Patrik Andersson og Åsmund Reistad. Festmiddagen er open for landsmøtet og kursdeltakarar, medan dansefesten er open for alle andre også. 
 
Om kurset: 
På slutten av 1700- tallet blei dåpsluene ofte sydd i fargeglade silkestoff. Snittet i luene skiljer mellom på gute- og jentelue. Alle er meir eller mindre pynta med silkeband, blonder og metallkniplingar. Samansyingsteknikkane har vore ulike, men alle var sjølvsagt sydd for hand. På kurset vil dei tradisjonelle luene som var i bruk for meir enn 200 år sidan vere inspirasjon for saum av nye luer. Kursmateriell kjøpe du på kurset, frå kr 450 per lue.

Om instruktøren: 
Mona Løkting driv håndverk- og tradisjonsbedriften, Staslig. Her monterer ho bunader som er forankra i  folkedrakttradisjonen vå, men også andre type bunader. Mona er utdanna kjole- og draktsyermester, i tillegg har ho svenne- og meisterbrev i bunadtilvirkerfaget. Frå 2008 - 2011 var ho stipendiat ved NHU innen tekstil. Ho har arbeidd mykje med opplæring innan saumfaget, og har også  teoretisk utdannelse innan draktfaget.

Kurstider: 
Laurdag 09:00-16:00 
Sundag 09:00-16:00 

Festmiddag laurdag 18:00 
Dansefest laurdag 20:00 

(Med atterhald om endringar). 

Kurslokale:  
BLS (Bygdelagssamskipnaden), Nordahl Bruns gate 220165 Oslo 
 
Prisar: 
Kurs (medlem i NU) 400,- 
Kurs (ikkje-medlem) 800,- 
Overnatting i enkeltrom fre-sun 2580,- 
Overnatting i enkeltrom laur-sun 1290,- 
Overnatting i dobbeltrom fre-sun (pris per pers) 1490,- 
Overnatting i dobbeltrom laur-sun (pris per pers) 745,- 
Festmiddag laurdag 495,- 

Dansefesten laurdag kveld, lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen. 

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga. 


Påmelding: 
Påmelding til instruktørkurset skjer via  https://www.deltager.no/handsaum_daapsluer. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag  11.april. 

Spørsmål o, kurset kan rettast til  eli@ungdomslag.no.

Betaling: 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden FAKTURA LM i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar. 


OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Registreringsskjema