Grunnleggande instruktørkurs (Stavanger)

Velkomen til Grunnleggande instruktørkurs med tema "korleis skapa eit godt miljø" 31. januar-2. februar 2020 i Stavanger.


Påmeldingsfrist torsdag 16. januar innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida)


I samarbeid med Rogaland Ungdomslag skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med tema korleis skapa eit godt miljø i Stavanger helga 31. jan-2. feb 2020. Kurset går parallelt med Storkurset i Stavanger.
Instruktørkurset går over 12 timar fredag-sundag. Les meir om Storkurset og kva som skjer av sosialt program her: http://rogaland.ungdomslag.no/dans/storkurs-2020-2/.

Om kurset:

På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren og målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans. Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som vert brukt innanfor dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette. På dette instruktørkurset vil det også vera fokus på korleis ein kan skapa eit godt miljø med eit ungdommeleg engasjement.


Om instruktørane:

Denne gongen har me fått med oss to dyktige instruktørar, Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge. Dei har halde mange kurs og er røynde dansarar. Dei har lang erfaring frå det å skapa eit godt dansemiljø, og vil særleg kunne dele tips og triks frå korleis dei har jobba med å bygge opp Leikarringen i BUL Oslo som eit solid lag med eit godt sosialt miljø gjennom dei siste åra.

Musikar på kurset vert felespelar Tuva Færden.


Målgruppe: 
Kurset er for deg som er nysgjerrig på instruktørrolla, og det er ope for både nye og røynde instruktørar. Det er ikkje eit krav om at ein må instruere under eller i etterkant av kurset, men det er ein god arena for å bli meir bevisst sin eigen dans, leiarstil og for å diskutere tankar kring eit godt dansemiljø.

Kurstider:
Fredag: 19:00-21:00
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 09:30-13:00

Av sosialt program laurdagen er det middag på hotellet kl. 17 og dansefesten FUGLEN på Siddis stova kl. 19. 

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Siddis stova, Rektor Oldens gate 17, 4022 Stavanger.


Prisar:
Kurspris: 400,- (ikkje-medlemer i NU betaler 500 i tillegg til dette)
Middag laurdag: 300,-
Dansefest laurdag: 100,-/gratis under 18 år. Billett til denne kjøpast i døra.

Lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Overnatting og reise:
Overnatting på Clarion Hotel Energy bestillast av kvar enkelt direkte til hotellet. Pris under er per rom per natt og inkl. frukost: PS: Oppgje koda "Storkurs 2020".

Enkeltrom 898,-
Dobbeltrom 1045,-

Trippelrom 1145,-

4-mannsrom 1395,- 

Reise må også kvar einskild sørge for og betale for sjølv. 

Tips: sjekk gjerne med lokal- eller fylkeslaget ditt om dei vil støtte deg som deltek på kurs. 


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via www.deltager.no/grunnleggande_instruktorkurs_stavanger. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 16. januar kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Foto: Knut Utler


 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
Gateadresse
 *
Postnr. og poststad
 *
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Fødselsår
 *
Kva danse- og/eller instruktørerfaring har du frå tidlegare?
 *
Kva forventningar har du til kurset?
 *
Er du medlem i Noregs Ungdomslag?
 *
For ikkje-medlemer kjem det ein ekstra kostnad på 500,- for kurset. Ynskjer du å bli medlem i NU, ta kontakt på solveig@ungdomslag.no.
Velg kurspris
 *
Ynskjer du middag laurdag?
 *
Utgjer 300 kr. som vert lagt til kursprisen.
Har du allergi eller behov for tilrettelegging?
Fotoløyve
 *
Eg stadfester med dette at NU får ta og publisere bilete/video av meg i samband med marknadsføring av kurs og organisasjonen.
Eg godkjenner at NU kan kontakte meg med informasjon om liknande arrangement i framtida
 *
Ynskjer du å betale med kort eller få tilsendt faktura?
 *
Kampanjekode
 
 *