Fylkesleir for ungdom

Friluftsleir 14.-16. juni å¨Nesholmen i  Hyen.  For ungdom i alderen 11 - 15 år, ope for både medlemer og andre.
Påmeldingsfrist 01.05.2019

Deltakaravgift kr 500 for medlemer i NJFF / Fiskeklubben. Kr. 900 for ikkje-medlemer. 

Arrangørar: Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl og NJFF Sogn og Fjordane fylkesleir 


 På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, matlaging over bål, kanopadling, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil. Laurdag vert delt i tre grupper; skytegruppa reiser til Aa-bakkane for skyting med hagle, rifle og salong. Fiskegruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske etc. Laksefiskegruppa reiser til Ommedalselva og får prøve seg på laksefiske. Laksefiskegruppa har aldersgrense, du må fylle 14 år i 2018 eller vere eldre for å vere med her. 

Utstyr du må ha for å kunne vere med på leiren: Sovepose, liggeunderlag og kle.
Du kan ta med eige fisketutstyr om du vil, veldig viktig at du aldri legg fiskestenger på bakken, her er mange deltakarar og fort gjort å trakke på det som ligg på bakken.
Vi lånar ut fiskeutstyr og anna utstyr til aktivitetane. 

Program og informasjonsbrev til deltakarane finn du her: https://www.njff.no/fylkeslag/sognogfjordane/Sider/fylkesleir-.aspx?menuid=9


Du kan melde deg på som medlem dersom du melder deg inn i NJFF før du melder deg på. Eit barne- og ungdomsmedlemskap kostar ofte i eit lokallag rundt 200,- (litt ulikt frå lokallag til lokallag) 

Melde seg inn i NJFF: https://minside.njff.no/portal/forms

 

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon