Deltager - Instruktørkurs: Fordjuping i songdans og stordans

Instruktørkurs: Fordjuping i songdans og stordans

Foto: John Erik Myhr Andersen

Instruktørkurs: Fordjuping i songdans og stordans med Torunn og Johan Einar Bjerkem i Bergen.

Påmeldinga er stengt, har du spørsmål send dei til solveig@ungdomslag.no.

I samarbeid med Bergen Ungdomslag Ervingen skipar Noregs Ungdomslag til instruktørkurs med tema fordjuping i songdans og stordans 29.september-1.oktober i Bergen.

I tillegg til instruktørkurset skipar BUL Ervingen til Stordanskveld på Schøtstuene laurdagskvelden. Det vert med andre ord ein god mulegheit til å fordjupe seg skikkelig i songdansens verd.


Om kurset:
Noregs Ungdomslag har ein stolt tradisjon med songdans og stordans og dette instruktørkurset gjev eit djupdykk i songdans- og stordanstradisjonen. Kurset set fokus på opplevingsverdien av songdansane og korleis ein best kan gjere formidlinga for å sikre ei god oppleving. Dessutan ser vi på læringsteknikkar for tekst og sentrale element ved det å skipa og leia stordans. Deltakarane skal læra eit utval viser og balladar, og delta i drøftingar om songdansen og stordansen si rolle og plass i samfunnet i dag. Alle som tek instruktørkurset skal i løpet av kurset prøva seg på å skipa songdans eller stordans.

Om instruktørane:
Torunn og Johan Einar Bjerkem har alltid likt stordans og songdans og er båe habile dansarar og instruktørar. Dei har instruert mange grupper opp gjennom tida. No driv dei Kulturgården Bjerkem i lag, og Johan Einar er i tillegg dagleg leiar for Hilmarfestivalen. Dei har også firmaa Gullimunn og KultLab. Torunn er den norske representanten i styret i Nordlek, og Johan Einar sit i Rådet for folkemusikk og folkedans. Saman med næraste slekta til Torunn arrangerer dei stordanskveld i Oslo kvar fyrste laurdag i året.


Målgruppe for kurset: 
Dette instruktørkurset er for deltakarar som allereie har god erfaring innanfor songdans og stordans og som ynskjer å fordjupa seg i tradisjonen. Du treng ikkje ha instruktørambisjonar for å gå kurset som eit fordjupingskurs.

Kurstider:
Fredag 19:00-21:00
Laurdag 10:00-17:00
Sundag 10:00-13:00

Lønsj begge dagar er inkludert i kursprisen.

Kurspris:
400,- for medlemer i Noregs Ungdomslag
800,- for ikkje-medlemer i Noregs Ungdomslag

Deltakarane kjøper eigen billett til Stordanskvelden (laurdag 18:30) ved å huka av i påmeldingsskjemaet. Pris for Stordanskvelden er 250,-/300,-.

Kurslokale: 
Gimle, Kong Oscars gate 18, 5017 Bergen.


Overnatting:
Deltakarane tingar overnatting sjølve. Medlemer i Noregs Ungdomslag får rabatt på Quality hotel og Best Western Hordaheimen. Sjå medlemskort for meir informasjon og rabattkode.

Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset og Stordanskvelden skjer på www.deltager.no/fordjuping-songdans-stordans. Kurset har et begrensa antal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 14.september kl. 23:00.


Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.


Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.