Fordjuping i folkeleg pardans (Oslo)

Fordjuping i folkeleg pardans

- Nytt dansekurs for deg som ynskjer å bli ein endå betre dansar -

Arrangør: Noregs Ungdomslag


Om kurset: 

To helger i 2019 har du mulegheit til å fordjupe deg i den folkelege pardansen og din eigen dansestil med god rettleiing av instruktør Vegar Vårdal. 

Kurset fokuserer i hovudsak på eigen dans og utvikling av eigen dansestil. Det er muleg å melde inn tema eller problemstillingar i forkant som ein ynskjer å arbeide med på kurset. I tillegg vil me også sjå på korleis ein dansar i ulike samanhengar i dag og korleis me dansar på t.d. framsyningar. Dette er ikkje eit instruktørkurs, men eit kurs der me jobbar med vår eigen dans. Det blir mykje tid til utprøving og diskusjon mellom instruktør og kursdeltakarane, eit skikkeleg djupdykk. 

Det er ikkje behov for å melde seg på med partner, men tips gjerne nokon du tenkjer bør melde seg på.

Påmeldingsfristen til kurshelgene er 11.januar 2019. 

OBS: Påmeldinga er no stengt, ta kontakt på solveig@ungdomslag.no for å høyre om det er muleg å melde seg på eller stå på venteliste.


Om instruktøren: 

Vegar Vårdal er ein allsidig folkedansar og -musikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Han er og fagleg ansvarleg for vidareutdanningskurset ”Norsk folkeleg dans”. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle tilbakemeldingar som kan hjelpa deg til å bli ein endå betre dansar og meir bevisst på din eigen dans.

Helga i mars får me også besøk av Patrik Andersson, særs dyktig felespelar frå Sverige. Denne helga vert det også meir fokus kring samspelet mellom musikk og dans.


Kurstider: 

Datoane for kurset er 8.-10.februar og 15.-17.mars 2019. Kvar kurshelg går over 12 timar. Det er muleg å vere med på begge kurshelgene, eller berre ei av dei. 

Foreløpig timeplan for begge helger:

Fredag: 17:00-21:00
Laurdag: 10:00-15:00
Sundag: 10:00-15:00

(Med atterhald om endringar). 


Kursstad:  
Halli i Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 220165 Oslo.


Reise og overnatting:

Alle deltakarar er sjølv ansvarleg for å planlegge og betale for eventuelle reise- og overnattingskostnadar. Hugs at du som NU-medlem får rabatt på overnatting fleire stader i byen. Sjå medlemskort for detaljar om rabatten.
 

Tips til sosialt program:

Laurdag 09.februar: konsert på Riksscenen med Mari Midtli, Aslak Brimi og Sinfonietta Innlandet https://www.riksscenen.no/mari-midtli-aamp-aslak-brimi-med-sinfonietta-innlandet.6171501-439509.html


Prisar: 

Berre fyrste kurshelg (8.-10.februar) 500,-
Berre andre kurshelg (15.-17.mars) 500,-
Begge kurshelgene 800,-

Lunsj og kaffi/frukt er inkludert i kursprisen. 


Prisane gjeld for NU-medlemer, ikkje-medlemer betalar 500,- i tillegg til dette.

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på alf.steinar@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 

Påmelding til kurset skjer via https://www.deltager.no/folkeleg_pardans med siste frist for påmelding 11.januar 2019.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar solveig@ungdomslag.no.


Betal med kort eller få faktura tilsendt til laget (bruk av kampanjekode): 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden FAKTURA19 i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon og Rådet for folkemusikk og folkedans.

Foto av Vegar Vårdal: Signe Fuglesteg Luksengard


OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon