Deltager - Firda Skiskule

Firda Skiskule

Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!

Treningane er delt opp i 4 forskjellige grupper ut frå alder og ferdigheit. Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste for Skiskulen og Gruppe C. Det er avgrensa plassar i alle grupper. Påmelding er nedst på sida.

I år som i fjor kan dei som går på Skiskule fortsette på Gruppe A, og ein kan vere med både i Gruppe B og Gruppe C.

Vidare informasjon vil kun bli gitt på Facebook gruppa Firdaskiskule 2017. Meld deg inn!

  • Skiskule

    • Aldersgruppe 2012 til 2008. (fast nedre og øvre aldersgrense)

    • Skiskulen vil ha trening laurdag 7. og søndag 8. januar (kun ei helg)

    • Det vert delt opp i to grupper.

      • Gruppe 1 vil ha treningstid kl 11:00 til 12:30

      • Gruppe 2 vil ha treningstid kl 13:00 til 14:30

      • Informasjon om gruppefordeling vil bli gitt etter at påmeldingsfristen er gått ut.

    • Skiskulen høver for deg som ikkje har stått på ski før, eller har stått litt på ski. Grunnleggande skiteknikk med fokus på skitryggleik og moro!

    • Går føre seg i barneheisen ved mellomstasjonen, (Hauglandsheisen), eller i Uglumsheisen, ved varmestova.

    • Dei som går på Skiskule kan fortsette på Gruppe A. Du får valg om dette i påmeldinga. Du v må velje Skiskule når du melder på, så får du opp val om Gruppe A etterpå.

    • Dersom ein vil fortsette i Gruppe A, så vær merksam på at barn i denne gruppa må kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.


  • Gruppe A

    • Aldersgruppe 2011-2008 (rettleiande)

    • Tidspunkt: tysdag eller torsdag kl 18:30 til 19:30. Du vel dag i påmeldinga. Oppstart 10. og 12. januar og held fram til månadsskiftet mars/april.

    • Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før.

    • Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.

    • I denne gruppa må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.


  • Gruppe B

    • Aldersgruppe 2010-2005. (rettleiande)

    • Tidspunkt: tysdag eller torsdag frå kl 18:30 til ca 19:45. Du vel dag i påmeldinga. Oppstart 10. og 12. januar og held fram til månadsskiftet mars/april.

    • Gruppe B høver for dei meir erfarne som meistrar å følgje stor heis.

    • Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.

    • Dersom ein greier å køyre stor bakke, men må ha hjelp til heisen, er dette greitt så lenge ansvarleg voksen tar ansvar for heiskøyringa.
    • NB: Barn fødd i 2009 eller eldre, kan utan ekstra kostnad delta på Gruppe C. Du får opp valg om dette i påmeldinga. Les meir om gruppe C nedanfor.


  • Gruppe C - Alpin trening

    • Aldersgruppe 2009 og eldre. (fast nedre aldersgrense)

    • Treningstid: måndag og torsdag kl 17:45 – 20:00. Oppstart 2. januar og held fram så lenge det er snø.

    • Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.

    • Treningane vil fokusere på Storslalåm, SuperG og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)

    • Ein kan melde seg på både til Gruppe B og Gruppe C utan ekstra kostnad (sjå info om dette under Gruppe B). Ein må då melde seg på via Gruppe B, der ein får valg om å også melde seg på Gruppe C.


Påmeldingsfrist 06.01.2017. Dersom det er fullt, så send ein epost til skiskule@yahoo.no dersom du vil stå på venteliste.


Prisar:
Skiskule                             500,-
Skiskule + Gruppe A     800,-
Gruppe A, B,                     700,-
C og B+C                             800,-

Nytt av året er at ein må betale bompengar dersom nedste heisen er i drift. Dersom heisen ikkje er i drift vil ein kunne køyre opp så lenge ein har eit KeyCard. Meir informasjon om dette finn du på heimesidene til Jølster Skisenter. 

Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.

Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.

Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Har du spørsmål, ta kontakt med Ørjan Smaadal: 913 33 011, eller send epost til skiskule@yahoo.no

Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter

Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.