Velkommen til jubileumshelg på Voss folkehøgskule!
Tida går raskt, og plutselig er det tid både for å møte gamle skulekamerater - og feire jubileum! Jubileumstreff på Voss folkehøgskule er ein stolt og viktig tradisjon. Me vonar at du både har lyst og høve til å kome "heim" til skulen din.

Elevstemne Voss Folkehøgskule 2.– 4. juni 2023
No er det dykkar tur! Kulla som gjekk ut i år som sluttar med 3 eller 8 må setje av denne helga i juni.
I tillegg vert kullet 2021 – 2022 invitert.
Skulen stiller med mat, rom, service og sist men ikkje minst – sjølve skulen og personalet.
De stiller med minne, og ynskje om å møtast att, og med godt humør.
Du kan gjerne overnatte på skulen. Fredag til søndag kr 1000 for enkeltrom inkl frukost, og kr 800 for dobbeltrom inkl frukost, per person.
Det blir ikkje overnatting i klasserom.
Pris for alle måltid (utanom frukost): kr 550 for heile helga
Program for helga:
Fredag 2. juni
Innkvartering frå kl 17.00
Grilling/kveldsmat kl 19.00
Lørdag 3. juni
Frukost 9.00 – 10.00
Utflukt til Bordalsgjelet kl 10.30
Risgraut 14.00
Volleyballturnering 15.00
Festmiddag 19.00
Festsamling i Olavsalen 21.00
(Talar, innslag frå jubilantar, allsong)
Søndag 4. juni
Frukost 09.00 – 11.00