Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Voss folkehøgskule Elevjubileum 2022

Velkomen til jubileumshelg på Voss folkehøgskule!


Tida går raskt, og plutseleg er det tid både for å møte gamle skulekameratar - og feire jubileum! Jubileumstreff på Voss folkehøgskule er ein stolt og viktig tradisjon. Vi vonar at du både har lyst og høve til å kome "heim" til skulen din.

Vi ser det same i år som du truleg opplvede: At ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskule saman med. Dette er ofte venskap som varer livet ut. Dessverre er det ikkje alltid slik at ein klarer å halde oppe den kontakten ein ønskjer. Jubileum er ein treffstad for gamle vener og eit høve til å mimre.


Du jubilerer det kalenderåret du slutta, og i år er det år som sluttar med 02 og 07 som er spesielt invitert:


Eksempler:

5 års jubilantar: 2016-17

10 års jubilantar: 2001-02


Fredag

Innkvartering frå 17.00

Grilling/kveldsmat 19.00


Laurdag

Frukost  9-10

Utflukt til Bordalsgjelet  10.30

Graut 14.00

Volleyballturnering 15.00

Middag 19.00

Festprogram 21.00

Talar, innslag frå jubilantar, underhaldning, kor osb.


Søndag

Frukost  09.00-11.00 m/ nistepakke


Mellom måltider og programpostar er det rom for mingling i og på tvers av kulla, volleyball, korøving etc.. Har kulla spesielle ynskjer er det berre å ta kontakt med "jubileumssjef" Jon Grendahl.


Overnatting

Dobbeltrom 520 kr. pr pers.

Enkeltrom 625 kr.

Pr. natt, inklusiv frukost og sengetøy


Prisar

Alle måltid fredag til og med søndag kr 675,-, inkluderer grilling fredag, graut og festmiddag laurdag og frukost søndag m/niste.

Kun festmiddag laurdag kr 350,-. (Hovudrett, dessert og kaffi, og ei kaffiøkt seinare på kvelden med kake.)


Påmeldingsfrsit søndag 22.mai kl 23

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon