Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Vidaregåande kurs Ettersøk

NJFF Sogn og Fjordane ved Ettersøksutvalet saman med  Årdal Jeger- og fiskerforening har gleda av å invitere til kurset Ettersøk Vidaregåande 8. - 10. april 2022.

Kurset er obligatorisk for deg som skal gå offentlege ettersøk (kommunale ettersøk).

Krav for å delta:

  • Du må ha bestått del ein som er e-læring, og som vi går gjennom på kurset med påfølgjande eksamen.
  • Du må være registrert i Jegerregisteret
  • Du må ha ført eigen hund til godkjent ettersøkshund og er eller har vært registrert i Ettersøkshundregisteret.


Praktisk info:

Dato. 8.-10- april 2022

  • Fredag frå kl. 18.30 til søndag ca kl 15.00
  • Utladalen i Øvre Årdal

Prisar
kr. 2.400,- for medlemer i NJFF, kr. 3.400 for ikkje-medlemer

Deltakarprisen inkluderer kursmateriell, pausemat og felles middag fredag og laurdag.
Overnatting ordnar du sjølv, men vi har gjort avtale med Utladalen camping om overnatting og felles middag. https://www.utla.no/


Påmeldingsfrist innan 20. mars 2022.


Har du matallergi/-intoleranse må du gje beskjed om det ved påmelding.
Det er høve til å ha med eigen hund. Hunden må haldast i band når den er ute - heile helga. Hugs hundeposer. NB! Dersom du tar med hund ynskjer vi tilbakemelding om det ved påmelding.

 

Pensum: 

Lover og forskrifter

Skotreaksjon, skotplass

Sporutredning med og utan hund

Ekvipasje, trening

Trafikk ettersøk og utstyr

Våpen og avliving

Ettersøk og ansvar

Sikkerheit

Demonstrasjon av skot i tettvegetasjon


Ta med deg: 

  • Kle og sko til å vere ute i – sjekk vêrmeldinga
  • Hørselvern
  • 40 rifleskot (treningsskot) og rifle
  • PC/nettbrett med øyrepluggar
  • Dokumentasjon frå Jegerregisteret
  • Dokumentasjon frå Ettersøkshundregiseret
  • Evt. Dokumentasjon/kursbevis frå del 1 (vert gått gjennom på kurset)



Instruktørar: 

Fylkesinstruktør Ettersøk: Rudi Sønnervik

Instruktør ettersøk, jakthundinstruktør trinn II: Ann Kristin Gaare

Dommar ettersøk: Hilde Rotihaug

Dommar ettersøk: Håkon Gran


Kontaktperson: 

Ann Kristin Gaare – [email protected] – 41 20 05 91



Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon