Veving av varafell på oppstadvev - Ullveka

Oppstadveven, eller oppstadgogna, er den eldste vevstolen vi kjenner til og ein meiner

den har eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning.. 

Den vart brukt til alleslags tekstilar, frå klede til seglduk. Denne veven er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.


Varafellen eller Röggvarfeldur, som den heitar, er ei tusen år gamal Islandsk handelsvare.

Handel mellom Island og Noreg var vanleg. Det var sikkert å handle med tekstilar og det var

lettare å ha kontroll på verdi, størrelse og vekt.

Ein varafell er ein vevd ullfell som ser ut som, og har eigenskapar, til ein sauefell. 

Sidan den er vevd kan ein varafell bli større enn ein sauefell. 

Fortidsmennesket hadde god kunnskap om fibranes eigenskapar og brukte denne kunnskapen når de lagde tekstilar.


På kurset vil en lære å sette opp oppstadveven, forberede ull og veve.

Kurshaldarar, Monika Ravnanger er tekstildesignar av utdanning og arbeider som

tekstilhandverkar ved Osterøy museum.

Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før.


27- 30 oktober 0900 – 1600 ( blir mulighet for å stå lenger en av dagene)

Pris: 6000,-


GRUNNA LAV PÅMELDING BLIR KURSET KANSKJE IKKJE GJENNOMFØRT.

SJEKK MED OSTERØY MUSEUM FØR DU EVENTUELT BESTILLER REISE OG OVERNATING.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon