Vassdragtreff i Vågå

Naturvernforbundet inviterer til vassdragstreff i Vågå fra 3.til 5. september. Fokuset blir i år på Finna.

Finna vart verna mot kraftutbygging i Verneplan IV i 1993 på bakgrunn av store naturfaglege verdiar, kulturminneverdiar og friluftsinteresser. På treffet vil vi bli betre kjent med Finna gjennom synfaring og innlegg.
Det vil bli fokusert på korleis vi kan ta vare på verneverdiane i vassdraget samtidig som Vågå sentrum blir betre flaumsikra enn i dag.

Vi starter seminaret med å løfte blikket litt, og SABIMA vil gi oss noen tankar om korleis vi kan ta vare på naturmangfaldet og samtidig redusere klimagassutsleppa. Det blir innlegg frå ordføraren i Vågå om kommunens syn på flaumsikring, og frå NVE om ein muligheitsstudie for flaumdemping av Finna. Vidare vil Eidefoss Vannkraft fortelje om aktuelle flaumsikringstiltak.
Skåppå kunnskapspark skal presentere eit prosjekt om at tidleg varsling kan erstatte flaumsikring, og forskar Ulrich Pulg vil snakke om naturvennleg flaumsikring.

Seminaret i Våga kulturhus laurdag 04.09. avsluttast med ein paneldebatt med politikarar som deltakarar. Truls Gulowsen, Naturvernforbundets nyvalde styreleiar, deltar i debatten.

Som vanleg på vassdragstreffa blir det felles middagar og sosialt samvær.Heile programmet og informasjon om overnatting kan du lese på naturvernforbundet.noPåmelding på denne sida gjeld berre for arrangementet, overnatting må kvar enkelt ordne sjølv. 

Ta kontakt med Nelly Karidatter Einstulen om du har behov for hjelp; nellyeinstulen@yahoo.no.

 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
Klasse/kategori
 *
Mobil
Har du behov for spesialmat?
Jeg vil være med på middag
Jeg vil være med på befaring
 *