Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Unghundkurs

Unghundperioden kan vere ei krevande tid, kvalpen blir større og meir utforskande, og lukkar tilsynelatande øyra. Dette er likevel ei gøyal tid å trene hund på!


På unghundkurset lærer du å trene dei viktigaste ferdighetene ein god familiehund treng til kvardags. 


Passar for deg som ikkje har gått kvalpekurs, for deg som vil ha litt repetisjon, eller deg som er ny med klikkertrening.


Me jobbar med innkalling, passering, gå fint i bånd, kontakt, sitt, helse fint, og å vente på «værsågod», pluss at desse øvelsane skal fungere med dei forstyrrelsane me møter til dagen. Du vil og lære innlæringsteknikkar som du kan bruke til andre øvelsar seinare.



Det viktigaste med unghundkurset er imidlertid ikkje kva hunden lærer, men kva DU lærer! Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar med eigen hund etter kurset.

 

Går over 7 ettermiddagar, ein dag i veka i sju veker. Ope for alle rasar i alderen ca 6 mnd til 24 mnd. Første kvelden er det teori utan hund.


Obs: Ikkje kurs 11. okt. Siste kurskveld 25. oktober.

 


 



 

 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon