Ullmarknad - med Smak av Nordhordland

Her sikrar du seg plass på marknaden i Ullveka, fredag 28.oktober og lørdag 29.oktober i Knarvik senter.

Merk at vi ikkje har marknaden i samband med åpninga denne gongen.

Årsaka er at Knarvik Senter har eigne arrangement i samband med nyåpninga deira.


Ullveka har åpna for eit samarbeid med Smak av Nordhordland slik at markedet i år kan få endå fleire innslag av lokale produkt frå regionen. 

Vi trur det vil gjere Ullmarknaden endå meir attraktiv og spennande for dei som kjem. 

Vi vil og ha noko betre plass i Knarvik senter enn vi har hatt tidlegare sidan Ullbyen ikkje skal stillast ut i sjølve Ullveka. 

Det vil vere ei god tilretettelegging der Ullmarknaden og Smak av Nordhordland blir samla kvar for seg, men er ein del av same arrangement.


Du stiller sjølv med bord og stolar til utstillinga. 

Ta kontakt dersom det er vanskeleg. Dersom du treng straum vil vi hjelpe deg med det og.

Du vil få nærare informasjon på epost med opplysningar du treng for å rigge deg klar til marknaden.


Marknaden vil få publisitet gjennom Ullveka sitt program både på heimesida og i Ullvekemagasinet.

Når det nærmar seg vil Ullveka bruke sine kanalar på sosiale medier for å opplyse om marknaden.

Vigdis Valde, koordinator og styremedlem i Ullveka, er kontaktperson for dei som er med på marknaden. 


Billett kan ikkje refunderast.


 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
 *
 *