Ull på Prærien - Gjenbruk og nybruk av ulltepper

Runde fillematter, rag rug mats - ein gamal måte å utnytte restematerialer, gamle stoff og klede. Her i Norge er vi kjende med dei lange og korte filleryene. På prærien hadde nybyggarane ein enklare måte å lage mattene, runde eller ovale, som ikkje krevde vev. Ungane vart sette til å sy saman korte stoffrester til lengre remser. Remsene vart fletta og sydde saman, og dei fekk varmande gulvmatter som var brukte i alle rom.

 

I Ullveka med Ull på prærien kan du lære korleis du kan lage din eigen matte. Vi held materiale og kaffi, viser og fortel, og inviterer til ein handverkskveld med berekraft og ressursutnytting.


Kurslærar: Lena Eikeland Kutschera

 

Vi held til i den koselege kafe Emigranten i kjellaren på Emigrantkyrkja på Vestnorsk utvandringssenter på Sletta.

 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
Klasse/kategori
 *
Mobil
 *