Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Ticket to Ride med Underholdningsvogna

Konsert: Ticket to Ride med Underholdningsvogna + Afternoon Tea

Underholdningsvogna kjem med forestillinga TICKET TO RIDE til Nordsjøfartmuseet tirsdag 7. september

Ei musikalsk reise frå New York til Paris! Mange songar har blitt skrivne om dei store metropolane på kvar side av det store Atlanterhavet. Underholdningsvogna bringer storbyen og verden litt nærare med musikk som kan gi ein kvar lyst til å pakke kofferten. Vi nemnar artistar som Edit Piaf, Ella Fitzgerald, Django Reinhardt og The Beatles, og songar som “Les Champs Elysées”, “That’s amore!” og “Manhattan”. Med retrostilen som er typisk for Underholdningsvogna, gir denne konsertopplevinga assosiasjonar til tida då damplokomotiva framleis tøffa gjennom Europa og dei store dampskipa frakta lykkejegerar og turistar over Atlanterhavet til Amerika og draumen om ei ny begynning. Så, kjære publikum, velkommen ombord - og ta plass

Konserten begynner kl 19:00

Afternoon tea frå kl. 18:00 - servering av scones og te.


Nordsjøfartmuseet 07.09. kl 19:00-20:30

Dørane opner kl. 17:30

Afternoon tea frå kl. 18:00

Billettpris: kr 200

Med afternoon tea, kr 350


Med stønad frå Vestland fylkeskommune

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon