Super Fotball Fredag





Fredag 5.november vil skular, barnehagar og SFOar i bygda vere stengde grunna utviklingsdagdag. Søre Neset Idrettslag inviterar alle fotballglade gutar og jenter i bygda til Super Fotball Fredag på Halhjem Idrettsplass.

Her kan barna kome å ha det kjekt i lag og spele fotball og kose seg. Det vil sjølvsagt bli mest leik og morro for dei yngste og fokus på fotballdelen for dei litt eldre. Dagen vil bli fylt med mellom anna fotballøkter, quiz og konkurransar, der alle som deltar vil bli premiert.

Alle må ha med:

- ull over- og underdel

- vottar, luer, bytesokkar (gjerne 2 par)

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- eit ekstra kledebytte då været kan bli ein utfordring

- matpakke


Fredag 5.november 2021

Innsjekk 09:00-1000. Utsjekk 1400-1500

Pris 300 kr  

Alle barna vil få servert lunsj + eit lite mellommåltid. Dei treng ikkje å ha med seg eiga mat, men det er viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!

Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!


Dersom de har spørsmål eller kommentarar er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på mobil 90855354 evt sende ein mail til ffo@snil.no


Vonar vi sjåast på Super Fotball Fredag 5.november. 

Vel møtt :) 








Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon