Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Strikking med restegarn

Kurshaldar: Iren Dyngeland


lørdag  22.okt 10-16

og søndag 23.okt 11-16

Tilsaman 11 timar.

Merk: kurslokalet er i 3.etasje utan heis. 


Iren Dyngeland er ein ekte ullnerd som jobbar i garnbutikk og har heldt ulike kurs på fleire strikkefestivalar. 
Tema for Iren har blant anna vore plantefarging, sokkestrikk og ikkje minst favoritten: restegarn! 


Denne gongen skal vi strikke vottar med dei minste restegarnsbitane (og nokre litt større). 
Du lærer også å starte frå tuppen, og å strikke vott på lang rundpinne.

Du vil få sjå korleis du kan nytte restegarn til små og store strikkeprosjekt.

Material og utstyr:

Ta med restegarn, settepinnar og lang rundpinne som passer kvaliteten du tar med. 
I tillegg til smånøster av restegarn i ulike fagar og kvaliteter, treng du og litt garn med samanhengande lengde,  ca 100g. 
Bergen husflidslag vil og stille med garn som kan brukast. 
                         

         

                                                       

    


                                                               

    

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon