Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Søre Neset TINE Fotballskule 2023



TINE Fotballskule 2023    


Søre Neset Idrettslag ønsker velkommen til årets største fotballbegivenhet for alle barn frå 1-8.klasse; TINE Fotballskule på Halhjem 22-27 (tor, fre, mån og tys)! 

Alle melder på barnet i klassen dei går i no fram til sommarferien (eks: født 2009 meldast på i 8.klasse, 2013 i 4.klasse osv)

Vi vil følge opp suksessen frå tidlegare år, der barna blir delt inn i grupper basert på alder, kjønn og vennskap. Så vil våre flinke instruktørar, følge gruppene på diverse stasjonar. 

Alle gruppene vil ha fokus på meistring, vennskap og felleskap. Dette vil då bli i form av øvelsar som bygger på fotballferdigheitar; pasningsferdigheit (kunne bruke både høgre og venstre fot), press- og gjenvinning, 1 vs 1, avslutningsferdigheit, persepsjon/orienteringsevne og mykje meir. 

Hurtigheit (agility & quick feet), styrketrening (core) og balansetrening er òg grupper som barna vil vere med på slik at dei lærer viktigheita med å ta best mogleg vare på kroppen. 

Mange av øvelsane er henta frå diverse fotball-akademiar i både inn- og utland, slik at barna skal få både utfordring og meistring uansett alder, kjønn og nivå.

Vi vil også ha ei eigen keeper-gruppe, så for dei barna som ønsker det så vil våre eminente keeper-trenarar ha eit eige opplegg. Husk å ta med keeper-hansker! Vi vil ta ein opptelling på morgonen så ein treng ikkje melde på ekstra for dette.

Vi håpar sjølvsagt at det også i år kjem mange jenter, i tillegg til gutar. Vi vil ha både kvinnelege og mannlege instruktørar.

Dagane blir fylt med kjekke konkurranser og leikar som barna kjem til å like.


Klovne-Kåre (hoppeslottet) er sjølvsagt på plass i år òg :)


Turnering siste dagen der alle får premie. Sjekk ut årets knalltøffe TINE T-skjorter + TINE fotballsekk!


Praktisk info:

Dagar: Torsdag 22, fredag 23., måndag 26. og tysdag 27.juni

Innsjekk 0900-10:00. Utsjekk 1400-1500

Pris 999 kr for 4 dagar (også mogleg å kjøpe enkle dagar).

100kr i søskenrabatt pr barn (bruk kode: SØS100) 

Nye 1.klassingar til hausten kan melde seg på i 1.klasse gruppa.  


Alle barna vil få utdelt TINE-sekk, med TINE T-skjorte første dagen dei kjem på fotballskulen. I tillegg så sponsar TINE heile fotballskulen med gratis TINE Sjokolademelk til alle barna (denne er for alle, også dei med allergiar). Vi har og alternativ drikke til dei som ikkje kan/vil drikke melk.

Viktig! Alle barna vil få servert lunsj kvar dag på fotballskulen, så ein treng ikkje ha med seg matpakke. Eit av fokuspunkta på årets TINE Fotballskule er eit sunt og næringsrikt kosthald. Vi vil ha open kiosk kvar dag etter at fotballskulen er ferdig (frå kl.14-14:30), med berre forholdsvis sunne varer. Vi vil mellom anna selge havregrynsvafler, samt masse anna godt :)

Husk også å gi barna en god frokost før dei kjem, då vi sparkar i gong frå kl. 10. For dei som kjem før så vil barna kunne kose seg med frileik.


Vel møtt til 4 fotballglade dager på Halhjem!!









Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon