Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Sommarkurs - kvalp - for dei minste

Har du fått sommarkvalp?


Bli med på sommarkurs for dei yngste kvalpane, få ein god start på kvalpetida!


Dette kurset er eit vekeskurs for dei yngste kvalpane, frå åtte til seksten veker. Ca to timar kvar dag i fire dagar, med tid for leik, ro-trening, soving og teori mellom treningsøktene!

Fra kl 11 til kl 13 mandag - torsdag.



Me vil gå gjennom ting som

  • Korleis hundar lærer
  • Kvifor trene positivt
  • Gode rutinar ute og heime
  • Kvalpebiting
  • Miljøtrening og sosialisering

 Me går og gjennom øvelsar som kontakt, target, ro, innkalling, sitt/stå/dekk, vent/bli, korleis legge på signal m.m.


Det viktigaste med kvalpekurset er ikkje kva kvalpen lærer, men kva DU lærer.
Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening, som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar på eigen hund etter kurset. Eit kvalpekurs er den beste investeringa du kan gjere i ditt hundehald!


Me brukar klikkertrening og belønningsbasert trening på alle våre kurs. All trening foregår utandørs.



Me har store fine uteområder til kursa, og det er lett å halde avstand. Kurset vil følge retningslinjene frå FHI med maks antal personar pr gruppe, avstand og hygiene. 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon