Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

SNIL Haustferie Fotball 2023


Søre Neset Idrettslag inviterer alle fotballglade jenter og gutar til; SNILHaustferie Fotball 2023 på Halhjem. Måndag 9.oktober til og med onsdag 11.oktober kan alle born/ungdommar frå 1.-8.klasse igjen få kome ut til oss på Halhjem idrettsplass og kose seg med mykje fotballspel og leik. 

Alle som kjem vil kunne spele mykje fotball, i form av både artige øvelser og spel, men samstundes vil borna få mykje leik og moro, konkurransar og quiz. 

Dei yngste på fotballskulen vil jobbe med å bli "sjef over ballen". Vi øver mykje på å bruke begge beina slik at ingen fot er den dårlegaste. Dei vil òg lære at det er lov å vere individuelt god, samstundes som at fotball er eit lagspel.

Hoppeslottet "Klovne-Kåre" er med denne gangen òg, så lenge været tilseier det 👌🏼


I tillegg vil vi ha mange forskjellige konkurransar som; katt & mus, krabben, kaste - heade - keeper, skyte-konkurransen, nettsus, cross bar-challenge, straffekonk, skadla - gripa, bingo m.m. Den daglege quizen høyrer òg med :)


 

Dei eldste borna kjem til å jobbe med;

- kva gjer vi når laget vårt har ball; progresjon, offensiv dekning, skape rom, mobilitet

- kva gjer vi når laget vårt ikkje har ball/mister ballen; forsinkelse, defensiv dekning, balanse, kompakt

- kva kan ein gjere før og når ein mottar ball; persepsjon (orienteringsevne), riktig kroppsposisjon, proaktiv bevegelse med og uten ball m.m.


I tillegg vert det for alle;

- hurtighetstrening/agility;  det er viktig og kjekt å vere rask 

- styrketrening/core; viktig å lære borna å bruke si eiga kroppsvekt som motstand

- balansetrening; byggja opp balansemuskulaturen rundt anklane og styrke kjernemuskulaturen

- skadeforebyggande økter (inspirert frå skadefri.no og med dynamisk uttøyning)


Borna (særskild dei yngste) vil også få moglegheit til å ta seg pausar, slik at alle vert godt tatt vare på, uansett alder og nivå. Vi vil vere minimum 1 instruktør pr 10-12 barn slik at alle skal bli sett.


Alle får servert lunsj kvar dag, så ein treng ikkje ha med eiga mat. Viktig at alle får i seg ein god, næringsrik frokost før dei kjem :)


Utstyr som alle deltakarane må ha med:

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- shorts og T-skjorte

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- ta gjerne med keeperhansker òg om ein vil stå litt i mål

- eit ekstra kledebytte då været alltid kan bli ein utfordring


Det blir open kiosk kvar dag frå kl.14-14:30, med berre forholdsvis sunne varer; vi har mellom anna sunne vafler, pop-corn, bacon-crisp og mykje anna godt. 


Måndag 9.okt - onsdag 11.okt 2023

Innsjekk 0900-10:00. Utsjekk 1400-1500 (organisert trening 10:00 - 14:00)

Pris 599 kr for alle 3 dagane, 399kr for 2 dagar og 249kr for ein av dagane 


Vi ønsker at alle som ønsker det skal få delta, så kontakt Frank ([email protected]) dersom behov for økonomisk støtte til deltagelse. 


Vel møtt til oss i haustferien :) 










Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon