Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

SNIL August Fotball 2023


Velkommen alle fotballglade jenter og gutar,

Sommarferien nermar seg, og vi ynskjer alle ein god og trygg sommar, med masse moro. 

Når det nermar seg skulestart igjen, så er vi i Søre Neset Idrettslag klare for SNIL August Fotball 2023 på Halhjem. Måndag 14.august til og med onsdag 16.august kan alle born/ungdommar frå 1.-8.klasse igjen få kome ut til oss på Halhjem idrettsplass og kose seg med mykje fotballspel og leik. 

Vi vil sjølvsagt halde oss til retningslinjene som med tanke på smittevern, dersom det skulle vere noko restriksjonar, slik at samtlege får ein så kjekk og trygg oppleving som mogleg.

Alle som kjem vil kunne spele mykje fotball, i form av både artige øvelser og spel, men samstundes vil borna få mykje leik og moro, konkurransar og quiz. 

Dei yngste på fotballskulen vil jobbe med å bli "sjef over ballen". Vi øver mykje på å bruke begge beina slik at ingen fot er den dårlegaste. Dei vil òg lære at det er lov å vere individuelt god, samstundes som at fotball er eit lagspel.

Kan bekrefte at Hoppeslottet "Klovne-Kåre" er med denne gangen òg 👌🏼

I tillegg vil vi ha mange forskjellige konkurransar som; katt & mus, krabben, kaste - heade - keeper, skyte-konkurransen, nettsus, bomben, cross bar-challenge, straffekonk, skadla - gripa m.m. Den daglege quizen høyrer òg alltid med :)

 

Dei eldste borna kjem til å jobbe med;

- kva gjer vi når laget vårt har ball; progresjon, offensiv dekning, skape rom, mobilitet

- kva gjer vi når laget vårt ikkje har ball/mister ballen; forsinkelse, defensiv dekning, balanse, kompakt

- kva kan ein gjere før og når ein mottar ball; persepsjon (orienteringsevne), riktig kroppsposisjon, proaktiv bevegelse med og uten ball m.m.


I tillegg vert det for alle;

- hurtighetstrening/agility;  det er utrulig viktig å vere rask dei første meterne

- styrketrening/core; viktig å lære borna å bruke si eiga kroppsvekt som motstand

- balansetrening; byggja opp balansemuskulaturen rundt anklane og styrke kjernemuskulaturen

- skadeforebyggande økter (inspirert frå skadefri.no og med dynamisk uttøyning)


Borna (særskild dei yngste) vil også få moglegheit til å ta seg pausar, slik at alle vert godt tatt vare på, uansett alder og nivå. Vi vil vere minimum 1 vaksen pr 10-12 barn slik at alle skal bli sett.


Utstyr som alle deltakarane må ha med:

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- shorts og T-skjorte

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- eit ekstra kledebytte då været alltid kan bli ein utfordring


Måndag 14.aug - onsdag 16.aug 2023

Innsjekk 0900-10:00. Utsjekk 1400-1500 (organisert trening 10:00 - 14:00)

Pris 749 kr for alle 3 dagane, 549kr for 2 dagar og 299kr for ein av dagane 

Alle barna vil få servert lunsj + frukt, så ein treng ikkje ha med eigen matpakke. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!


God sommer og vel møtt til oss :) 









Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon