Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Sjøsportveko - 2022

Velkomen til Sjøsportveko 2022


Sjøsportveko har vore arrangert av Båtlaget Njord Tysnes i ei årrekkje. Sjøsportveko er for born i alderen 8 - 13 år. På Sjøsportveko får ein prøva sigling med joller og større båtar, padling i havkajakk, sjømannskap, sjøvett og vannsport. I tillegg blir det tid til bading for dei som har lyst til det. 

Sjøsportveko blir i år arrangert Mandag - Fredag i veke 26. Kl 1000 - 1500 kvar dag. 

Meir detaljert informasjon vil bli sendt ut etter påmeldingsfristen.

NB: Påmeldingsfristen er 20 mai kl 2000!

For påmelding og reservasjon fyll ut detaljar om deltaker og føresette på registreringsskjemaet her på sida. Felt merka med * er påkrevd. Reservasjon kostar 200 pr deltaker. Det tilkjema ingen deltakaravgift utanom reservasjosnavgift. Nytt av året er at Gjensidigestiftelsen støttar Sjøsportveko slik at det skal vera tilnærma gratis for born å delta. Dette er me svært takksame for.

Deltakerne får, frukt kvar dag, grillmat og drikke på fredagen. Dersom du ynskjer at barnet dykkar skal bli medlem i Båtlaget Njord/Tysnes kryss av for dette i påmeldingskjemaet. Årskontingent for junior er kr 200,-

Sjøsportveko er det lagt opp  ut frå alder og ferdighetsnivå. Deltakarane vil bli delt i  grupper på bakgrunn av alder/erfaringsnivå. 

Alle deltakarar på Sjøsportveko må vera symjedyktige.

Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Vår målsetting med Sjøsprtveko er å gi born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers. 

Velkomen til nokre flotte dagar på fjorden.


 












Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon