Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Sinnemeistring hos vaksne

Korleis har du det som behandlar når pasienten er sint på deg? Tenkjer du på om pasienten også let sinnet gå ut over borna i heimen?  På  fagdagen skal vi lære meir om årsaker til sinne og få kunnskap om sinnemestring for vaksne for betre samhandling med born og ungdom. Dette inneber også å lære litt meir om post traumatisk stress forstyrring (PTSD), personlegdomsforstyrringar (PF), kognitiv teori, samspel med born, tilknytingsteori og meistringsstrategiar 

Sinne er ein normal følelse vi alle har. Spørsmålet er derfor ikkje om vi er sinte, men kva som skaper sinne og om vi opplev å ha kontroll. Til fagdagen kjem  psykologispesialist Steinar Sunde frå familievernet som har jobba med desse problemstillingane i mange år. Nettstaden littsint.no er ei teneste med gratis materiell som ein kan nytte i høve  sinnemestring. Innhaldet og verktya er utvikla av Sunde.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon