Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Aage Samuelsen hyllest

Tid: Torsdag 11. mai
Kl.:17.30-18.30
Pris: 100,-

Vi hyller Aage Samuelsen med minikonsert og avdukning av en byste av han som er gitt i gave til Skien kommune.

Gunstein Draugedalen er musiker og kunstner fra Kvitseid. Han har laget en byste av Åge Samuelsen på bestilling, som igjen ble gitt som gave til Skien kommune.
Denne dagen plasseres bysten ut i det offentlige rom, i kafeen på Lie bydelshus, så alle kan komme å se dette flotte verket.

Gunstein Draugedalen vil i tillegg holde en minikonsert i kafeen med sanger og små fortellinger om Aage Samuelsen og hans betydning for kulturen i Skien og Telemark.

Mer info:

Sangen og musikken har vore mitt liv frå eg var 16-17 år. Fyrst i små bedehus i øvre Telemark, der eg fekk teste stemma mi. Etter kvart blei sirklene større og sangutdanning blei aktuelt.

I 1995 var Gunstein Draugedalen den mest spelte artisten i Ønskekonserten.

Under pandemien blei alle sangoppdrag borte over natta - og eg måtte finne nye uttrykksformer for min kreativitet.

Eg har alltid vore fascinert av formgjeving og skulptur og teikna mykje i oppveksten. Derfor fekk eg tak i leire og gjekk i gang med å lage byster.

Ein av dei fyrste eg ville prøve meg på var Aage Samuelsen. Eg møtte han to gonger - som 10-åring i fylgje med far på eit møte på Åmdals Verk.
Andre gongen som 15-åring i Festiviteten i Skien. Begge gongene gjorde møtet med Aage Samuelsen sterkt inntrykk på meg - noko eg framleis har med meg som kjære minne.

Å forme Aage i leire var utfordrande og interessant. Andletet hans er kjent av veldig mange - og derfor måtte uttrykket vera gjenkjenneleg.

Utfordringen var å få eit så karakteristisk andlet til å bli truverdig. Særleg intensiteten i blikket hans var utfordrande.

Aage hadde så mange sider og mange uttrykk - frå den elleville begeistringen - til bortimot det bistre. Eg valde ein mellomting - der det

noko tilbakehaldande og vurderande og seriøse i hans natur skulle få plass. Aage hadde plass for det meste i sin natur.

Og nå er bysta av Aage Samuelsen på plass i heimbyen hans.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon