Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Instruktørkurs: Runddansrytmar (Oslo)

Velkomen til instruktørkurs med fokus på runddansrytmar

Oppdatering: Dette kurset var planlagt til 15.-16. januar i Skjetten under SAFFA-kurset. Grunna den usikre koronasituasjonen må vi diverre gjere nokre endringar med tidspunkt for kurset. Det vert ikkje SAFFA-kurs og det vert ikkje noko instruktørkurs i Skjetten denne helga. Vi utset det fysiske kurset til 26.-27. februar samt ei lita digital førsamling med inspirasjon, tips og triks 16. januar kl. 11-14.

Det vil seie at det framleis er mogleg å melde seg på kurset som skal vera fysisk i Oslo i februar. Vi vil gjere naudsynte smitteverntilpassingar, men satsra på at reglane tilseier at vi kan treffast fysisk, enten med eller helst utan avstand. Men kurs håpar vi det blir.


Påmeldingsfrist for kurset er fredag 11. februar innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida).


I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, Bygdelagssamskipnaden og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fokus på runddansrytmar i Oslo helga 26.-27. februar 2022. Instruktørkurset går over ca. 12 timar laurdag og sundag.

Om kurset:

Dette instruktørkurset er eit fordjupingskurs i runddans. Runddansen som vart ei svært populær dansegruppe på 1800-talet står sterkt i den norske folkedanstradisjonen også i dag. På kurset går me inn på danseformene, likskapar og forskjeller innanfor dei fire runddanstypane/-rytmane vals, reinlender, polka og masurka. Kurset legg også vekt på å formidle mangfaldet i runddanstradisjonen, ulike rytmiske variantar, motiv-variantar og ulik tilnærming til runddansane, både som lokal dansetradisjon, og også noko korleis ulike runddansvariantar og -rytmar er knytta til andre dansegrupper innafor den norske folkedansen som bygdedans og turdansar. Kurset er praktisk, men det er ein føresetnad at kursdeltakarane kan dansa runddans frå før av. Me vil dansa mykje, men parallelt sjå danseformene i historisk og samtidig samanheng. På kurset vil musikaren vera sentral i å skapa rytmisk samforståing med kursdeltakarane.

Me vil ta enkelte djupdykk inn i nokre danseformer ved hjelp av dansearkivmateriale frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Digital førsamling:

Sundag 16. januar kl. 11-14 tjuvstartar vi instruktørkurset med ei lita digital inspirasjonssamling der instruktør Siri Mæland vil dele av sine beste tips og triks samt å gje alle deltakarane ei oppgåve dei skal jobbe med fram til fysisk kurs i februar. Ein vil få størst utbytte av kurset dersom ein både deltek på det digitale og det fysiske kurset i kombinasjon.


Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Siri Mæland. Siri Mæland er folkedansar, pedagog og seniorforskar som brenn for folkedansformidlinga både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Ho har i 20 år jobba ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff), var studieansvarleg og ein av hovudlærarane for pionerarbeidet med utøvarstudium i folkedans (2009-2012), jobba som folkedanslærar på folkedansstudia/dansevitskap ved NTNU og er i dag fagleg ansvarleg i ungdoms- og talentutviklingsprosjektet Bygda dansar. Ho har rik kunnskap om folkedanstradisjonane i Noreg i notid og fortid gjennom fordjupingsarbeid i det rikhaldige dansearkivet ved Sff både som dansar og forskar. Siri lærte å danse av mora si og aktivitetane i ungdomslaga på Jæren. Ho har gått instruktørkurs i NU A,B og C-kurs då ho var aktiv i BUL Bergen i studietida for å bli allmennlærar med musikk. Det var instruktørkursa som vart vegen inn til folkedansstudier, mastergrad og til slutt doktorgard. Siri er i dag 2. vara i NU-styret, i tillegg til internasjonale forskningsverv.

Siri gler seg til å djupdykka i runddanstradisjonen saman med kursdeltakarane.

Som musikar på kurset har vi fått med oss felespelar Einar Olav Larsen.
Einar Olav driver som frilans folkemusiker og pedagog med base i Verdal i Trøndelag. Han har hatt en omfattende virksomhet siden han gikk ut fra Spelemannskolen ved Ole Bull Akademiet i 2000. Turnéring i inn- og utland kombineres med en sterk lokal forankring, og han spiller like gjerne til dans som til konsert. Foruten den vanlige fela, bruker Einar Olav hardingfela en god del. Einar Olav sitt musikalske utgangspunkt er arven etter Hilmar Alexandersen, og rytmisk og særprega Verdals-spell.


Målgruppe: 
Kurset er i hovudsak for vidarekomne dansarar og for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli eller allereie er instruktør. Det er ei forutsetning at kursdeltakarane kan dansa runddans frå før av.


Kurstider:
Digital samling sundag 16. januar kl. 11-14 på Teams.

Fysisk kurs 26.-27. februar i Oslo:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:00-15:00

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Sentralen i Oslo, produksjonsrom 1
Øvre slottsgate 3, 0157 Oslo.

Prisar:

Kurspris inkl. lunsj begge dagar: 900,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på [email protected] før du fullfører påmeldinga.


Betaling:

Dersom du vil få tilsendt faktura for kostnadane bruker du kampanjekodefeltet og skriv inn koden "runddans". Fyll også ut kven som skal motta faktura i påmeldingsskjemaet med feltet nedst i skjema.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via deltager.no. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er fredag 11. februar kl. 23:59. Meld deg på innan laurdag 15. januar for også å delta på den digitale førsamlinga 16. januar kl. 11-14.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til [email protected].


Smittevern:

Vi vil sjølvsagt følge med på eventuelle smittevernregler og tilpasse oss dette slik at det blir eit trygt kurs å delta på. Er du usikker på noko må du gjerne ta kontakt med oss så vi kan legge til rette for dine behov.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon