Ridekurs på Norsk Fjordhestsenter

Vårsemesteret startar opp igjen i veke 3. 


På kurset vil du lære å stelle hest, sale av og på og å ri. Det vil bli riding både på bane og på tur, i tillegg til voltige og teori. Ridekursa består av 10 timar, men det er ingen undervisning i vinterferien. 


Foreløpig oversikt over tidspunkt:


Tysdagar kl. 17-18:

Nybegynner. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt, men som ikkje er trygg på å trave aleine enda.


Tysdagar kl. 18-19:

Nybegynner/lett øva. Passar for dei som har vore litt bort i hest, men som ikkje er sjølvstendig i alle gangartar enda. 


Tysdagar kl. 19-20:

Ungdom/vaksengruppe.   


Torsdag kl. 16-17:

Nybegynner/lett øva. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt før, men som ikkje er trygg i alle gangartar enda. 


Torsdag kl. 17-18: 

Lett øva. Passar for dei som mestrar trav og som er klar for å begynne å galoppere, eller har prøvd å galoppere litt. 


Aldersgrense 6 år. 


Bekreftelse på tider blir sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mogleg ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på på dei ulike gruppene. Vi kan derfor ikkje garantere at dokke får det klokkeslettet som dokke melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passer er det fint om det blir notert i påmeldinga så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle. 







Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon