Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Ridekurs på Norsk Fjordhestsenter

Haustsemesteret startar opp i veke 36. 


Ridekursa består av 10 timar, ingen undervisning i haustferien. På kurset vil du lære å stelle hest, sale av og på og å ri. Det vil bli riding både på bane og på tur, i tillegg til voltige og teori. Kursa og innhaldet vil bli tilpassa etter nivået på dei ulike gruppene. I haust er det Bettina Brenna og Anja Grønnevik frå Fjordane folkehøgskule som blir ridelærarar på kursa. Bettina skal ha ridekursa på tysdagane, Anja på torsdagane. Både Bettina og Anja er utdanna ridelærarar frå Starum, og har sjølv konkurrert både i sprang og dressur. Bettina har jobba hos oss som ridelærar i fleire år, og er ein erfaren og dyktig ridelærar. Anja jobbar som ridelærar på hestelinja på Fjordane folkehøgskule, og er også ein meget dyktig ridelærar som underviser på alle nivå. Vi gjer merksam på at det er mogleg å vere med med eigen hest på ridekurs, dersom du ønskjer det. 


Foreløpig oversikt over tidspunkt:


Tysdagar kl. 17-18:

Nybegynner barn. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt, men som ikkje er trygg på å trave aleine enda.


Tysdagar kl. 18-19:

Nybegynner/lett øva barn. Passar for dei som har vore litt bort i hest, men som ikkje er sjølvstendig i alle gangartar enda. 


Tysdagar kl. 19-20:

Ungdom/vaksengruppe. Passar for litt større barn/ungdommar som har ridd før, og kan ri aleine i alle gangartar.


Torsdagar kl. 17-18:

Nybegynner/lett øva barn. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt før, men som ikkje er trygg i alle gangartar enda. 


Torsdagar kl. 18-19: 

Nybegynner vaksen. Nybegynner. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt, men som ikkje er trygg på å trave aleine enda. Vi oppmodar foreldre til born på ridekurs, og andre vaksne som kan tenke seg å bli trygg på hesteryggen til å melde seg på her! Dette blir både sosialt og kjekt, i ei trygg ramme. Ta med deg ein ven og bli med!


Torsdagar kl. 19-20:

Vidarekomne vaksen. Passar for dei som meistrar alle gangartar. Vi ønskjer å skape ein kjekk arena med hest for vaksne som har ridd tidlegare eller som er aktive no. 


Bekreftelse på tider blir sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mogleg ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på på dei ulike gruppene. Vi kan derfor ikkje garantere at de får det klokkeslettet som de melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passer er det fint om det blir notert i påmeldinga, så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle. 







Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon