Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021

Tid og stad
Thon Hotel Fosnavåg
Torsdag 21. oktober 2021

Vi ønsker deg velkomen til Reiselivskonferansen i Fosnavåg og Havlandet, ein småbordskonferanse i eit litt annleis format på Thon Hotel Fosnavåg / Fosnavåg Konserthus.

Dette er Reiselivskonferansen for å bli inspirert til å restarte reiselivet i regionen - etter korona. 

Vi startar med registrering frå kl 10 torsdag 21. oktober på Thon Hotel Fosnavåg, og avsluttar konferansen på ettermiddagen rundt kl 17.00 - etter det som vi planlegg skal bli ein kjekk dag i lag i Fosnavåg og Havlandet.
Programdelen inneheld korte, inspirerande innlegg frå ei rekke ulike aktørar som kan bidra til å skape gode reisemål. 

Undervegs blir det tid til å mingle, og det blir servering av kaffe, mineralvatn, snacks og frukt.

På kvelden går det båt ut til Kami Skotholmen frå hotellkaia i Fosnavåg, der vi nyt 3-retters middag og godt selskap i lag med kvarandre.


PROGRAM 

  • Opning av  Reiselivskonferansen i Fosnavåg ved ordførar Bjørn Prytz i Herøy kommune. 
  • Det gode vertskap - her har vi fått to markante aktørar i Havlandet til å dele sine hemmelegheiter med oss
  • Bilder og film - fotograf Matti Bernitz, som har vore med i 71 grader Nord, laga bildebok frå spektakulære stader å besøke
  • Den gode historia - Reisejournalist Odd Roar Lange - The Travel Inspector deler av sine erfaringar 
  • Marknadsføring - Tom Anker Skrede, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre
  • NHO Reiseliv - Henrik Hamborg, politisk rådgiver utdanning og kompetanse: om viktigheita av kompetent arbeidskraft i reiselivet, og behovet for rekruttering
  • Opplev Runde - Cecil Elisabeth Nerbø tar oss med til turistsatsinga på Runde
  • Voice of Norway - Robert Vingsnes presenterer mulegheiter gjennom audioguiden
  • Havila Kystruten -  Asgeir Blindheim om  tilrettelagt transport for dine gjestar 
  • Kaare Molvær frå Cruise Service 
  • Marit Holen frå Møre og Romsdal Fylkeskommune med Travel like the locals
  • Suksesshistoriar frå andre gode reisemål: Marita Lindvik i Visit Nordfjord AS, som skal bli det beste og mest attraktive reisemålet i Norge for aktivitets- og opplevingsturisme.  Kva har dei gjort?
  • Stikk UT! Sunnmøre Friluftsråd - May Britt Haukås - kva betyr turmålskonkurransa i ein kommune?
  • .... med fleire

Pris for å delta på Reiselivskonferansen
Ordinær pris / Rabatt for Havlandet-partnarar

  • Deltaking kun programdelen av konferansen
    – lunsj torsdag, møte-kaffe, mineralvatn, snacks og frukt,   –  kr 1350 /  kr 950 eks. mva.
  • Deltaking heile konferansen inkl. middag på Kami Skotholmen med båttransport
    – lunsj torsdag, møte-kaffe, mineralvatn, snacks og frukt + 3-retters middag på Kami Skotholmen med båttransport -  kr 2150 /  kr 1750 eks. mva.

Partnar i Havlandet
Ønsker du å registere bedrifta som Partnar i Havlandet: https://www.havlandet-as.no/partnarar/
Der finn du også fordelar med å vere partnar, og ei oversikt over dei registrerte partnarane i alfabetisk rekkefølge.  

Refusjon
100 % refusjon ved avmelding fram til påmeldingsfristen 14. oktober 2021
50 % refusjon ved avmelding etter påmeldingsfristen (15. - 21. oktober 2021)
Ingen refusjon ved ikkje møtt.

Påmeldingsfrist
14. oktober 2021


Smittevern
Reiselivskonferansen tar smittevern på alvor, og Reiselivskonferansen foregår etter gjeldande regelverk.


Arrangør
Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021 er arrangert av Havlandet AS.

Havlandet AS er eigd av Herøy Næringsforum og Herøy kommune. Selskapet har teke over den operative drifta av Herøy Næringsforum og er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Vårt oppdrag er å påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter, i tillegg til auke i heilårsturisme. 


 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
Bedrift
Dersom du har kryssa av for matallergiar, tek vi kontakt i forkant slik at vi kan tilpasse serveringa deretter.
Kjøt eller fisk?
Betalingsmetode
 *