Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Opplæringsjakt på hjort i Bremanger

Bremanger jfl og NJFF Sogn og Fjordane tilbyr opplæringsjakt på hjort i Dalsbotten vald, eit av Noregs beste hjorteterreng!

Fredag 28. oktober: Frammøte ved Reidarbu kl 19.00. Teori og bli-kjent
Laurdag 29. oktober: Jakt. Postering og drivjakt.
Søndag 30. oktober: Jakt første halvdel. Heimreise

Påmeldingsfrist: 1. oktober.

Deltakaravgift inkluderer mat, overnatting i  Reidarbu og jakt. Dersom vi skyt dyr, kan deltakarane kjøpe kjøt; heile eller halve dyr, kr. 50 pr kg.
 
Deltakaravgift medlemer i NJFF: kr. 1.000
Deltakaravgift ikkje-medlemer:  kr. 1.500

Maks 6 deltakarar.

Bestått jegerprøve og skyteprøve. Dei som skal jakte med våpen, må ha med seg dette sjølv.

Deltakarar i alderen 16-18 år skal ha med seg instruktør på post og i drev. Dei som er over 18 år får med seg instruktør også, men kan sitje på post åleine dersom ein ynskjer det.

 Overnatting: Reidarbu https://bremangerland.no/blog/hello-world/



Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon