Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Nosework - for kropp og sjel!

Bli med på nybegynnerkurs i nosework!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere  omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.


Inkludert i kurset får du og eit gavekort på massasje for din hund hos Bergen Hundeterapi!
Me trur på at mental og fysisk helse heng saman, ein god og deilig massasje kan løyse opp muskelknutar og spenningar - og kan hjelpe hunden i kvardagen. :)


Kurset går over helg,  lørdag + søndag frå 10 til ca 15.

Arna laurdag, Åsane søndag.


 

Ta med gode godbitar og leiker. 




 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon