Norgesløpet VossaRudl'n 2022
Sted: Voss
Startdato : 03.06.2022 18:00
Påmeldingsfrist : 16.05.2022 08:00
Legg til i kalender
:
Kontaktperson for arrangementet:
Leiar Stig Kåre Trå
post@khkv.no

Norgesløpet VossaRudl'n 2022

Pinsen fredag 3. juni til måndag 6. juni.

Køyretøy Historisk Klubb Voss inviterer til Norgesløpet VossaRudl'n 2022

For detaljert informasjon om påmelding, arrangement og prisar, sjå facebooksida Veteranvognløpet Norgesløpet VossaRudl'n 4. juni 2022 eller Køyretøy Historisk Klubb Voss. Du kan og senda e-post til post@khkv.no og etterspør.


Med atterhald om endringar i smittesituasjonen og eventuelle nye smittevernsrestriksjonar.

Situasjonen endrar seg frå veke til veke, og arrangøren vil nødig vera grobotn for smitteutbrot og brot på smittevernsreglar. Me har difor utsett opning av påmelding til 1. april.


FREDAG 3. JUNI

For dykk som kjem fredag vil det vera sosial samkoma på kvelden.

Middag og omvising Smalahovetunet AS. Sjå fyldig orientering om dette på facebooksidene, eller i tilsendt e-post.


LAURDAG 4. JUNI 

Laurdag er løpsdagen og Norgesløpet VossaRudl’n 2022 vert gjennomført.

Oppstilling Bømoen, og gjennomføring etter same lest som tidlegare. Me gjer merksam på at alle deltakarar må innom alle oppgåvepostar, lunsj og fotopost for å fullføra løpet.

Målgang ved løpshotellet Stalheim Hotel. Avsluttar med løpsfest, premieutdeling, festmiddag. 


SUNDAG 5. JUNI

Me inviterer deltakarane til ulike aktivitetar i det flotte verdsarvområdet.

Program for sundagen vil verta annonsert før påmeldinga startar.

Middag på Stalheim Hotel for deltakarar og gjester. Sjå fyldig orientering om dette i tilsendt e-post.


MÅNDAG 6. JUNI 

Frukost, drøs, avskjed og heimreis.


Påmelding, prisar og betaling:

Påmelding til løpet er elektronisk, via deltager.no

Deltakaravgifta er i år kr 830,- Dette inkluderer lunsj for sjåfør.

Lunsj for passasjer samt andre organiserte aktivitetar kjem i tillegg, sjå påmeldingsskjema.

Det er viktig at du les påmeldingsskjema og orientering godt og fyller ut korrekt informasjon.


Køyretøy med årsmodell til og med 1992 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 160

(med atterhald om endringar i smittesituasjonen og restriksjonar frå FHI/regjeringa)

 

Overnatting:

MERK: Alle deltakarar må bestilla overnatting sjølve.

Ved betalt påmelding vil du motta ein sms/e-post med eit referansenummer.

Dette referansenummeret må du ha dersom du skal bestilla hotellrom ved løpshotellet Stalheim Hotel.

Det er ikkje mogeleg å bestilla overnatting ved løpshotellet før du har plass i løpet.


Påmelding opnar 1. april 2022. 

Alle felta i påmeldingsskjema er obligatoriske. 

Du må difor innom alle felta, fyll inn det som passar før du får lagra og betalt.

Frist for påmelding 30. april 2022, med atterhald om framleis ledig plass.


Velkomne til Voss i pinsehelga 2022

Køyretøy Historisk Klubb Voss 

Har du spørsmål, kan du retta dei til post@khkv.no