Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Landsfinale for unghopper Fjordhest 2023

Norges Fjordhestlag er glade for å kunne annonsere at landsfinalen for unghopper vert arrangert på Mo i Førde laurdag 26. august. 

Under landsfinalen for unghopper kårar vi dei beste 1-, 2- og 3-årshoppene i landet. Årets landsfinale vert arrangert på Mo landbruksskule i Førde laurdag 26. august. Søndag vert det arrangert både open gard og hoppeutstilling på Mo, så ta med deg heile familien for ei flott fjordhesthelg!

Landsfinalen startar kl 17.00, og etterpå vert det lagt opp til sosialt samvær for dei som ynskjer det. Det er mogleg å oppstalle hestane på skulen, og både Jølstraholmen camping og Førde gjestehus og camping ligg ein kort køyretur unna.

Det er ikkje krav om at hoppene må ha vore vist på utstilling tidlegare for å kunne delta på landsfinalen. Treårshoppene kan delta både i landsfinalen og på den offisielle utstillinga søndag.

Påmeldingsfrist vert 20. august, og det vil kome lenkje til påmelding etterkvart.

Arrangør Sunnfjord Fjordhestlag ser fram til å arrangere landsfinalen, og ynskjer både fjordhest og folk hjarteleg velkomne.

For tinging av stallplass, kontakt Harald Løtuft på tlf.: 99 22 51 51 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon