Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Kurs om ufrivillig skulefråver og motivasjonsmetodar med Torill Fjæran-Granum, SPISS


 Autismeforeningen i Sogn og Fjordane er så glade for å få 

Torill Fjæran-Granum frå SPISS til å vere foredragshaldar på vårt kurs i auditoriet ved Førde Sentralsjukehus 

Tysdag 5.september 2023 frå kl 09:30 – 14:30 (Registrering frå kl 09:00)

 

 Dette er eit kurs som vil høve både for pårørande, kommunalt tilsette i pleie- og omsorgstenestene, barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, PPT og rettleiingsteneste med meir. 

 

Beskrivelse av tema for kurset:


UFRIVILLIG SKULEFRÅVER

Mange autistiske barn og unge slit med å delta på skulen. Som regel handlar ikke dette så mykje om motivasjon, men heller om at det er noko på skulen og/eller på skulevegen som gjer at det blir for vanskeleg å delta på skulen.

  • Kva er ufrivillig skulefråver?
  • Risikofaktorar
  • Kva kan vi gjere, førebyggande, når det er under utvikling og når eleven er heilt heimeverande over tid?


MOTIVASJON

Nokon gongar kan autistiske menneske synest det er meir eller mindre meningslaust å delta i sosiale samanhengar, på skule eller i andre situasjonar der andre meiner det er viktig å vere med. Mange aktivitetar og oppgåver kan også virke meningslause for mange.

  • Korleis skal vi forstå manglande motivasjon?
  • Korleis kan vi motivere?
  • Må alle vere med på alt?


Om foredragshaldaren: 

Torill Fjæran-Granum, spesialpedagog og dagleg leiar av SPISS


Torill Fjæran-Granum grunnla SPISS i 2000 og har sidan 2007 jobba full tid i verksemda. Ho har jobba innan autismefeltet i ulike samanhengar sidan 1986. Torill er grunnutdanna førskulelærar og har ein mastergrad i spesialpedagogikk spesialisert på autismespektertilstandar.

Torill sine spesialområde hos SPISS er ungdom og vaksne med autismespekterdiagnosar, her under parsamtalar, ulike praktiske strategiar og Empowerment (myndiggjering, eigenkraftmobilisering), samt barn i barnehagealder. Ho jobbar også mykje med tilrettelegging i barnehage, skule, arbeid og bolig, samt med kommunikasjon, sosiale ferdigheiter og psykoedukasjon. Torill arbeidar vidare mykje med personar med ein annleis funksjonsprofil som til dømes PDA (sjukeleg kravunngåing) og FRU (fokusrelaterte utføringsvanskar) og vert ofte brukt som rettleiar hos familiar av barneverntenesta. Torill er kjend som ein svært god og engasjert foredragshaldar og er mykje brukt av både offentlege og private kursarrangørar.

Torill er forfattar og medforfattar til fleire av SPISS Forlag sine utgivelsar og har også fått fleire artiklar publisert i ulike fagtidsskrift.

Torill har ansvar for drifta av SPISS Forlag og for dagleg drift og administrasjon i SPISS, inkludert saksfordeling, marknadsføring og SPISS sin faglege profil.


Pris for kurset pr pers: 

Kr 200,- for medlemmar av Autismeforeningen

Kr 500,- for ikkje medlemmar. 

Kursprisen inkluderer enkel varm lunsj. Ved matallergi/intoleranse må vi få beskjed. 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon