Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Open fellestrening for løparar i krinsen

BAKGRUNN

Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsing i krinsen. 

MÅLGRUPPE

Alle som er glade å springe, gutar og jenter født 2010 (13 år frå sesongen 2023) og eldre.

HOVUDTRENAR:

Eivind Øygard.

PRIS:
Gratis

REGISTRERING:
Du kan ta del i dei øktene du sjølv vil, men vi ynskjer likevel at du registrerer deg under - slik at vi får kontaktinformasjon på deltakarar som er med.

SAMLINGSPROGRAM: 

Fellestreningsplan hausten 2022
Oktober

Dato

Dag

Økt

Oppmøtestad

Start oppv

Start drag (ca)

Div

11

Tysdag

Kortintervall bane

Skei ungdomsskule

17:30

18:00


13

Torsdag

Langintervall grus Fossheim

Skei u.skule

17:30

18:00


15

Laurdag

Konkurransespesifikk økt for 10km. Asfalt.

Øygard

16:00

16:30


17

Måndag

Kortintervall bane

Skei u.skule

17:30

18:00


18

Tysdag

Kortintervall bane

Kvåle Stadion

16:30

17:00

For løparar i Sogn-regionen

19

Onsdag

Konkurranseførebuande bane eller langintervall

Skei u.skule

17:30

18:00

Hytteplanmila 22.okt

25

Tysdag

Kortintervall bane

Skei u.skule

17:30

18:00


27

Torsdag

Langintervall grus Fossheim

Skei u.skule

17:30

18:00


29

Laurdag

Bakkeøkt. 200m.

Vassenden skule

16:30

17:00


31

Måndag

Kortintervall bane

Skei u.skule

17:30

18:00

Idrettens møteplass Sandane 5.11. Samlingshelg 4-6.11

 

November

Dato

Dag

Økt

Oppmøtestad

Start oppv

Start drag (ca)

Div

7

Måndag

Kortintervall Skei

Skei u.skule

17:30

18:00

 

8

Tysdag

Kortintervall bane

Kvåle Stadion

16:30

17:00

For løparar i Sogn-regionen

10

Torsdag

Langintervall 

Skei u.skule

17:30

18:00

 

12

Laurdag

Bakkeøkt 200m.

Vassenden skule

16:30

17:00

 

14

Måndag

Kortintervall Skei

Skei u.skule

17:30

18:00

 

17

Torsdag

Langintervall 

Skei u.skule

17:30

18:00

 

21

Måndag

Kortintervall Skei

Skei u.skule

17:30

18:00

 

22

Tysdag

Kortintervall bane

Kvåle Stadion

16:30

17:00

For løparar i Sogn-regionen.

24

Torsdag

Langintervall 

Skei u.skule

17:30

18:00

 

26

Laurdag

Bakkeøkt 200m.

Vassenden skule

16:30

17:00

Kan kome endringar om det blir krinssamling helga 25-27.11

28

Måndag

Kortintervall Skei.

Skei u.skule

17:30

18:00

 


Her er grovplan for felles intervalltrening for oktober og november i første omgong. Merk at dagane og tidspunkta kan variere. Det kan kome endringar, så vekeplanen som kjem kvar søndag på «Fellestrening Jølster ++. Infogruppe» (https://www.facebook.com/groups/2744817402457190) vert gjeldande. Dersom det ikkje kjem anna informasjon, så går fellestreningane som planlagt. 

Gje Eivind Øygard ein lyd på messenger eller 47845960 om du ikkje er medlem av facebook-gruppa eller må ha informasjon gjennom andre medium. Når alt av haustkonkurransar er ferdig blir dei faste intervalldagane måndag, torsdag og laurdag. Vêrtilhøve/underlag vil kunne påverke treningsstad når vinteren kjem. Har eit håp om at vi får bruke Kleivatunellen i Kjøsnesfjorden (900m) til økter. Storhallen på Skei er også eit alternativ for kortintervallar innimellom.

Øktene vil følgje ein ganske fast struktur med felles oppvarming før hovuddelen blir tilpassa etter nivå. Eit eksempel på nivåtilpassing kan vere at nokre spring 25x400m med 30sek pause og andre spring 8x400m med 1min pause. Sjå under for eksempel på kva kort- og langintervall kan bestå av. Bakkeøktene blir stort sett 30-35sek drag i slak bakke (4-7%) med jogg ned i pausane (60-70sek) der alle startar og stoppar draga samstundes. Det blir vanlegvis ingen felles avslutning på øktene sidan nokon spring fleire drag enn andre.

ALLE 13 år og eldre er velkomne, begge kjønn, uavhengig av nivå og klubb. Sjølv om det kan vere eit stort spenn i nivå, så er det uansett kjekkare å presse seg samstundes som andre!

Det er ingen treningsavgift, og ein kan møte opp på dei øktene det passar utan å melde frå på førehand. Slik sett viktig å kome presis om ein vil varme opp saman med andre. For står det oppmøte 17:30, så er vi som regel i gong kl. 17:31!

Det er oppført både starttidspunkt for oppvarming og drag slik at ein kan møte opp ferdig oppvarma dersom det passar betre.

Eksempel på typisk oppvarmingsstruktur på 30-35min: 

  • Jogg: 15min jogg i eige tempo (Typisk 7,5min ein veg, så snu tilbake).
  • Dynamisk tøying: 3-4min med ulike øvingar (beinsving feks)
  • Drill: 3x3 med for eksempel høge kneløft, spark opp bak og triplings
  • Drag/stigningsløp: For eksempel 4x100m.

Eksempel kortintervall

  • Draglengd på 200-500m eller 30-90sek.
  • Pausar på 15-60sek.
  • Eks: 6-25x400m. P: 30-60sek.

Eksempel på langintervall

  • Draglengd over 600m/2min. Vanlegvis +/- 1000m.
  • Pausar: 40sek-2min.

Eks: 3-10x1000m. P: 1min.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon