Konservering av rotgrønsaker, sursylting for kommersielt sal

Lær deg å sursylte grønsaker for kommersielt sal, smakar, holdbarheit, kvalitet i grønsakene og sluttprodukt. Merking, flyt, HACCP skjema og kritiske punkt. Fagdagen inneheld lunsj med smaking. Økologisk merking vert tatt opp. Vi kjem også innom pesto og div andre produkt de kan foredle frå marknadshagen. Syltetøy av grønsaker, grønt som ingrediens i syltetøy, ketchupar med meir. Vi går gjennom krav til lokaler og arbeidsflyt frå hage til ferdig produkt. Velkommen til innhaldsrik dag som vil gi deg den oversikta du treng for å komme i gang med foredling av grønsaker og urter. 

 Kursansvarleg SJH: Gry Tokvam,  gry.tokvam@vlfk.no send gjerne spørsmål om kurset til henne. 

Program for dagen vert sendt ut ved påmelding

Fint om de kjem kvelden før, då vi må starte på morgonen for å få utbytte av dagen. Vi lagar til måltid i lag kvelden før for dei som kjem då. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon