Instruktørkurs: Ungdomsfokus (Oslo)

Velkomen til instruktørkurs med fokus på instruksjon av ungdom


Påmeldingsfrist for kurset var fredag 29. april innan kl. 23:59. No er kurset i utgangspunktet fullt, men ta kontakt med solveig@ungdomslag.no dersom du er interessert i å delta, så kan vi sjå om det er mogleg å få til fleire plassar.


I samband med den store jubileumsfeiringa av Bygda Dansar 20 år, inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs med ungdomsfokus på Riksscenen i Oslo 14.-15. mai.Det blir stor dansefest laurdag kveld og mykje som skjer på husetheile helga i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. I tillegg har også FolkOrg dommarseminar parallelt med vårt kurs.


Om Bygda Dansar-jubileumshelga:

Her kan du lese meir om jubileumshelga i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. 

Ynskjer du å delta på dansefest laurdagskvelden kjøper du eigen billett til dette via denne lenka.


Om kurset:

Dette instruktørkurset er eit kurs der vi vil fokusere på instruksjon av ungdomar. Vi ynskjer å knytte tematikken opp mot Bygda Dansar-jubileet og ser det som naturleg å hente inn ressursar og erfaringar frå korleis ein mellom anna har jobba med ungdom og folkedans gjennom mange år i dette prosjektet. Korleis kan ein på ulike måtar instruere ungdom i folkedans i dag? Og korleis bygger vi gode miljø og grupper for ungdom i byen og på bygda? Kva utfordringar og fordelar finst med denne målgruppa? Kva metodar og teknikkar kan vi ta i bruk for å formidle og lære bort folkedans til dagens ungdom?

Vi vil også delta på seminaret "Folkedanspedagogikk og talentutvikling - BD-modellen" laurdag kl. 11. Dette seminaret (og fleire) er åpne for alle.


Om instruktørane:
Vi er så heldige å ha med oss to instruktørar denne helga. Inga Myhr vil vera til stades heile laurdag og Torill Steinjord har heile sundagen. I tillegg møter vi Torill på seminar om Bygda Dansar-pedagogikken laurdagen. Både Torill og Inga har lang fartstid som dansarar og pedagogar. Dei er to av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Dei har begge vore sentrale i fleire av Bygda Dansar-prosjekta dei siste åra, som instruktørar/pedagogar og som prosjektmedarbeidarar i ulike fylke. Dei har instruert mykje for ulike aldersgrupper, og har eit særleg engasjement for ungdom i folkedansen.

Vi har også ein eigen musikar som speler for oss heile helga.

Meir info om desse kjem.


Målgruppe: 
Kurset er for deg somer folkedansar og som er eller som ynskjer å bli instruktør, med særleg fokus på målgruppa ungdom. Du treng ikkje vera ungdom sjølv for å delta, men tematikken for kurset vil rette seg inn mot det å instruere for ei ungdomsgruppe eller ungdom som enkeltpersonar.


Program:
Forestilling fredag kl. 20:00: "Det er nå runnom som er dansen da" med Sigrid Stubsveen og Inga Myhr i regi av Riksscenen (eigen billett kjøpast her).

Fredag kl. 21:30: Dansefest med Rolf Roys i regi av Riksscenen (eigen billett kjøpast her).

Kurs laurdag: Ca. kl. 09:00-17:00 (endringar kan kome)

Dansefest laurdag: Kl. 19:00 på Riksscenen (eigen billett kjøpast her).

Kurs sundag: Ca. kl. 09:30-15:00 (endringar kan kome)

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Klubbscenen (kjellaren) på Riksscenen i Oslo
Schous-kvartalet
Trondheimsveien 2, 0506 Oslo

Prisar:

Kurspris inkl. lunsj begge dagar: 400,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-

Billett for forestilling fredag og/eller dansefest laurdag kjem i tillegg og er noko alle må kjøpe sjølv via Riksscenens billettsystem.
Forestilling fredag kjøper du her.
Dansefest fredag kjøper du her.
Dansefest laurdag kjøper du her.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Overnatting:

Alle deltakarar bestiller og betaler for overnatting sjølv. Vi anbefaler å bestille overnatting på Anker Hotell som ligg rett ved Riksscenen. Ved å oppgje rabattkoden "JUBHELG" får de 15% rabatt på rom denne helga:

Bestilling gjerast ved å kontakte Anker Hotell direkte eller via nettsida: www.anker-hotel.no.


Betaling:

Dersom du vil få tilsendt faktura for kostnadane bruker du kampanjekodefeltet og skriv inn koden "ungdom". Fyll også ut kven som skal motta faktura i påmeldingsskjemaet med feltet nedst i skjema.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via deltager.no. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 28. april kl. 23:59. MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.


Smittevern:

Vi vil sjølvsagt følge med på eventuelle smittevernregler og tilpasse oss dette slik at det blir eit trygt kurs å delta på. Er du usikker på noko må du gjerne ta kontakt med oss så vi kan legge til rette for dine behov.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon