Instruktørkurs: Fordjuping i turdans (Skjetten)

Velkomen til instruktørkurs med fordjuping i turdans 7.-8. januar 2023 i Skjetten


Påmeldingsfrist torsdag 1.desember innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida)
Pris: 950,- (medlem av NU), 1450,- (ikkje-medlem)


I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, Bygdelagssamskipnaden og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fordjuping i turdans i Skjetten helga 7.-8.januar 2023.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med SAFFA-kurset. Meir om SAFFA sitt kurstilbod kan du lese her: https://www.saffa.no/saffa-kurset-7-og-8-januar-2023/.

Om kurset:

Dette instruktørkurset er eit fordjupingskurs i turdansar. I Noreg brukar me omgrepet turdans om ei rekke ganske forskjellige dansefamiliar og dansetypar, dansar som ikkje fell inn under danseslektene runddans og bygdedans. Dette dreier seg om danseslekter som 17- og 1800-talets kontradansar og rilar, og dansetypar som fell under nemningar som til dømes runddansslekta gruppedansar og pardansar, og bygdedansslekta turdansar. Dette er dansar som har blitt dansa til samvær både i bygde-, og bymiljø.

Opplæring i turdans kan vere eit mål i seg sjølv, men mange av dei kan også vere gode å ty til i runddans-, og bygdedansopplæringa. Mange av turdansane er gruppedansar og difor godt eigna til å skape fellesskap på øvingar og til samvære. Vår erfaring er at færre og færre tek i bruk dei gode rettleiingsbøkene for norsk folkedans som finst i slikt arbeide, Turdansboka til Klara Semb inkludert. På dette kurset vil du lære korleis du kan bruke rettleiingsbøkene og korleis du kan lære deg dansar etter bok. De vil bli gjort kjent med kjeldene bak dansenedteikningane i Turdansboka og andre rettleiingsbøker, og de vil sjå på samanhengen mellom dansearkivkjelder og dansenedteikningane. Arkivkjelder frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil bli vist og jobba med. Turdansboka vil bli brukt aktivt og det er ein føredel om du har med deg boka på kurset. Den kan du òg få kjøpt av oss ved påmelding til kurset. 

På kurset vil de danse mykje, og danserytmen i ulike turdansar og mangfaldet av dette vil stå i fokus på dette kurset. Det blir lagt opp til fordjuping i STS-systemet (ein måte å notere ned ulike steg og danserytmar på). Samtidig som de jobbar med desse tinga vil det bli jobba med metodar for å lære vekk turdans og få eit innblikk i eit utval dansar. Kurset er praktisk lagt opp og det er ein føresetnad at kursdeltakarane har dansa ein del runddans/norsk folkedans frå før. Det er også ein fordel å ha grunnleggande instruktørkurs eller instruktørkompetanse då kurset ikkje vil gje grunnopplæring i instruksjon. Kunnskap om eller kjennskap i turdans er ingen føresetnad, men heller inga ulempe. Kurset blir lagt opp slik at både dei med liten kjennskap og dei med kjennskap frå før av skal få utbytte. 

Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Siri Mæland. Siri er folkedansar, pedagog og seniorforskar som brenn for folkedansformidlinga både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Ho har i 20 år jobba ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) i Trondheim, var studieansvarleg og ein av hovudlærarane for pionerarbeidet med utøvarstudium i folkedans (2009-2012), jobba som folkedanslærar på folkedansstudia/dansevitskap ved NTNU og er i dag fagleg ansvarleg i ungdoms- og talentutviklingsprosjektet Bygda dansar, og Sff sitt nye danseprogram Dansespor. Ho har rik kunnskap om folkedanstradisjonane i Noreg i notid og fortid gjennom fordjupingsarbeid i det rikhaldige dansearkivet ved Sff både som dansar og forskar. Siri lærte å danse av mora si og aktivitetane i ungdomslaga på Jæren. Ho har gått instruktørkurs i NU A,B og C-kurs då ho var aktiv i BUL Bergen i studietida for å bli allmennlærar med musikk. Det var instruktørkursa som vart vegen inn til folkedansstudier, mastergrad og til slutt doktorgrad. Siri er i dag 3. vara i NU-styret, i tillegg til å inneha internasjonale forskningsverv.

Som musikar på kurset har vi fått med oss felespelar Einar Olav Larsen. Einar Olav driv som frilans folkemusikar og pedagog med base i Verdal i Trøndelag. Han har hatt ein omfattande verksemd sidan han gjekk ut frå Spelemannskolen ved Ole Bull Akademiet i 2000. Turnering i inn- og utland blir kombinert med ein sterk lokal forankring, og han spelar like gjerne til dans som til konsert. Forutan den vanlege fela, brukar Einar Olav hardingfela ein god del. Einar Olav sitt musikalske utgangspunkt er arven etter Hilmar Alexandersen, og rytmisk og særprega Verdals-spell.


Målgruppe: 
Kurset er for deg som kan danse frå før, anten det er turdans eller anna folkedans og som ønsker å instruere andre. Kurset passar deg som anten er nysgjerrig på, eller ønskjer å lære meir om dei ulike danserytmane i turdanstradisjonen, og om korleis du kan lære vekk norske turdansar med utgangspunkt i rettleiingsbøkene.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 09:00-15:00

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Quality Hotel Olavsgaard, Hvamstubben 11, 2013 Skjetten.

Prisar:

Kurspris: 950,- (ikkje-medlemer i NU betaler 500 i tillegg til dette)
Middag laurdag: 275,- (kveldsbuffét m/lasagne)
Enkeltrom lør-sun 1095,-
Dobbeltrom lør-sun 650,- (per pers)
Enkeltrom fre-sun 2190,-
Dobbeltrom fre-sun 1300,- (per pers)


Lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via https://www.deltager.no/event/instruktorkurs_turdans2023.  Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 1.desember kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til rita@ungdomslag.no 


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
Gateadresse
 *
Postnr. og poststad
 *
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Fødselsår
 *
Kva danse- og/eller instruktørerfaring har du frå tidlegare?
 *
Kva forventningar har du til kurset?
 *
Er du medlem i Noregs Ungdomslag?
 *
For ikkje-medlemer kjem det ein ekstra kostnad på 500,- for kurset. Ynskjer du å bli medlem i NU, ta kontakt på rita@ungdomslag.no.
Velg kurspris
 *
Ynskjer du middag laurdag kl. 18?
 *
Lasagne. Utgjer 275 kr. som vert lagt til kursprisen.
Ynskjer du overnatting på hotellet?
 *
Prisen vert lagt som eit tillegg til kursprisen.
Har du allergi eller behov for tilrettelegging?
Ønskjer du å kjøpe boka "Norske folkedansar - Turdansar" (Turdansboka), Klara Semb?
Ordinær pris kr.350,- Rabattert tilbod til kursdeltakarar.
Fotoløyve
 *
Eg stadfester med dette at NU får ta og publisere bilete/video av meg i samband med marknadsføring av kurs og organisasjonen.
Eg godkjenner at NU kan kontakte meg med informasjon om liknande arrangement i framtida
 *
Ynskjer du å betale med kort eller få tilsendt faktura?
 *
For faktura til laget, skriv inn kampanjekoden "turdans" under.
Kampanjekode
 
 *