Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

AVLYST: Instruktørkurs: barn, ungdom og inspirasjon post-korona (Steinkjer)

Velkomen til barneinstruktørkurs 12.-14. november i Steinkjer i samband med Hilmarfestivalen


Påmeldingsfrist fredag 5. november innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida)


Om kurset:

Noregs Ungdomslag ynskjer velkomen til instruktørkurs med fokus på born og ungdom samt eit ekstra fokus på korleis kome i gang att etter koronapausa.

Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også vera fokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing.

Kurset er lagt til Hilmarfestivalen i Steinkjer så det blir gode moglegheiter til kulturopplevingar utanom kurstid også med konsertar og dansefest. 


Om instruktøren:

Meir informasjon om instruktør kjem snart.


Målgruppe: 

Kurset er for deg som underviser eller har planar om å starta opp undervising for barn. Kurset er for både erfarne og nybyrjarar, der målet er å få erfaringsutveksling mellom nye og dei som har undervist ei stund.


Kurstider (med atterhald om endringar):
Fredag: 18-21
Laurdag: 09:30-17
Sundag 10-15


Kurslokale: 
Lokalet er Samfunnshuset i Steinkjer.


Prisar:
Kurspris: 400,- (ikkje-medlemer i NU betaler 500,- i tillegg til dette). Kurspris inkluderer kurs, lunsj, kaffi og snacks begge dagar.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på [email protected] før du fullfører påmeldinga.


Overnatting og reise:

Overnatting og reise tingast og betalst av kvar enkelt person. 

Hotellovernatting er på Grand Hotell Steinkjer. Bruk rabattkoden ("promotion code") "HILMARFESTIVAL PUBLIKUM", som gir 5% rabatt. Koda er gyldig 5.-14. november og må bestillast direkte på telefon 74164700 eller på eepost [email protected].

Skuleovernatting: Dersom ein ynskjer er det mogleg med skuleovernatting (medbrakt madrass og sovepose/dyne) på Steinkjer barneskule der også HilmarUng-kursa held til. Her er det viktig at ingen nyt alkohol då det er forbudt på skulens område.


Tips: sjekk gjerne med lokal- eller fylkeslaget ditt om dei vil støtte deg som deltek på kurs. 


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via skjema på denne sida. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er fredag 5. november kl. 23:59. Ta ev. kontakt med NU-kontoret om du vert for sein til denne fristen.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til [email protected].


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon