Haustferie Fotball





Søre Neset Idrettslag inviterar alle fotballglade gutar og jenter i bygda til Haustferie Fotball på Halhjem Idrettsplass måndag 11.oktober til og med onsdag 13.oktober. 

Her kan barna kome å ha det kjekt i lag og spele fotball og kose seg. Det vil sjølvsagt bli mest fokus på leik og morro for dei yngste og eit proft opplegg for dei litt eldre. 

Alle må ha med:

- ull over- og underdel (dersom det blir kaldt, følg med på værmeldinga)

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- eit ekstra kledebytte då været kan bli ein utfordring

- matpakke


Måndag 11. okt - onsdag 13. okt 2021

Innsjekk 09:00-1000. Utsjekk 1400-1500

Pris 800 kr for alle 3 dagane (moglegheit for å kjøpa 1-2 dagar òg).  

Alle barna vil få servert eit lite mellommåltid, men dei må ha med seg matpakke. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!

Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!


Dersom de har spørsmål eller kommentarar er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på mobil 90855354 evt sende ein mail til ffo@snil.no


Vonar vi sjåast på Haustferie Fotball 2021. 


Vel møtt :) 


Mvh Frank Haugland/SNIL








Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon