Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Grunnkurs siderproduksjon

Ulvik 2. - 4. november 2022

INNHALD:

Me går gjennom dei grunnleggjande definisjonane og historia til sideren, og deretter omtale av aktuelle eplesortar og moglege smakstilsetjingar. Innlegga omhandlar m.a. kva eigenskapar dei ulike eplesortane har som råstoff for sider, og korleis kvaliteten hjå epla (haustetid og mogningsgrad) påverkar det ferdige produktet. Mykje sider er tilsett smak frå andre frukter, bær eller urter, og me ser på korleis dette vert gjort.

I Norge er det kommersiell produksjon av både spontant gjæra sider og sider laga med tilsett kjend gjærkultur. Ein viktig del av kurset er korleis ein kan fylgja og styra gjæringa slik at ein får det produktet ein ynskjer; med høveleg mengde restsukker og god balanse mellom sødme og syre. Det kan vera ein moderne ljos sider eller ein meir tradisjonell tyngre sider. 

I samband med middagsmåltida vert det sidersmaking av ulike sidertypar, og drøfting av kva som høver til ulike typar mat. På sideria får me orientering om lokale og aktuelt utstyr for mindre og større produksjon. Det er ein eigen bolk om lover, reglar og avgifter som ein må ta omsyn til for å kunna produsera, skjenkja og selja alkoholhaldig drikke. Som avslutning vert det innlegg om sidertypar og marknader, og korleis ein kan få hjelp på vegen vidare frå Kompetansenettverket for Lokalmat og andre næringsutviklingsprogram på dette feltet.

OPPLEGG:

Kurset inneheld både innlegg i møterom, vitjingar på sideri og sidersmaking m.a. i samband med måltid. Kurset er lagt til Brakanes hotell/Konferansesenteret, Siderruta i Ulvik og avsluttar med vitjing av sideri i Sørfjorden.

MÅLET MED KURSET:

Deltakarane får ei innføring i produksjon av jus og sider med gjennomgang av dei viktigaste stega i produksjonen, regelverket som gjeld og kva som krevst for å oppnå drikke av god kvalitet.

MÅLGRUPPE: 

Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Det er ein fordel med noko erfaring med frukt og fruktbaserte produkt.

KURSMATRIELL:

“Siderboka - frå frukthagen til ferdig produkt på flaske”, bestiller du her hjå Siderlandet.no som trykt bok eller e-bok. Den inneheld mykje av stoffet frå kurset. Boka kan også kjøpast på kurset (fraktfritt). Det vil og verta presentert annan litteratur, og presentasjonar vert sendt ut (som pdf-filer) dersom det er ynskje om det.

 

PROGRAM:

Onsdag 2. november:

(Innsjekk på hotellet frå kl. 15.00 / kurset onsdag er lagt til Syse Gard)

Oppmøte på Syse kl. 16.45. Sider, kaffi og kaker

17.00 Presentasjon av kurset og deltakarane

17.30 Syse gard – driftsopplegget, omvising med vekt på siderproduksjonen

19.00 Kva er sider; historie, tradisjonar og definisjonar. Smaking av sidertypar

20.00 Kveldsmat hos Syse – korv, poteter og sider. Tradisjonssider og issider

(Avsluttar til 22.00)

Torsdag 3. november:

(Undervisning på Brakanes / vitjing på sideri)

08.30 Korleis laga sider – om råvarer til sider

10.00 Regelverk, løyve og rapportering av avgifter m.m. når ein produserer alkoholhaldige drikkevarer

12.00 Lunsj

12.45 Regelverk m.m. held fram til kl 13.45.

14.00 Vitjing av Ulvik FruktCideri og Hardanger Saft og Siderfabrikk. Utstyr og produksjon

15.30 Korleis laga sider – om gjæringa

(pause frå kl 17 / avreise til Lekve kl 18.45) 

19.00 Sidertypar og sidersmaking

20.00 Middag med sider til og etter maten

(Avslutning kl 22)


 Fredag 4. november:

(Undervisning på Brakanes fram til lunsj)

08.30 Korleis laga sider – lokale, utstyr m.m.

09.30 Sidertypar og marknader. Opplegg på Ciderhuset/Balholm

11.00 Vegen vidare: Kompetansenettverket for Lokalmat, produsentsamarbeid, korleis henta kunnskap heime og internasjonalt

(lunsj kl 12)

12.45 Vitja sideri på Austsida(?) av Sørfjorden

(kurset slutt kl 17.00)  


Kursavgift kr. 3 400,-  per pers. inkluderer alle måltid og smakingar. 


Overnatting bookar ein sjølv på Brakanes hotel eller hos andre aktørar i Ulvik.

Pris per natt Kr 1800,00 for enkelt rom med fjord utsikt, Kr 2300,00 for dobbelt rom med fjordutsikt.


For spørsmål om kurset kontakt: 

Eivind Vangdal tlf. 906 28 035

Aud Slettehaug tlf. 47375739

 

Registreringsskjema