Fagdagen i bunad og folkedrakt 2021

Fagdagane i bunad og folkedrakt: Kvinner i bunadshistoria


Fagdagane finn vegen tilbake til Fagernes 25.-26. oktober, og det er ei glede å kunne ønskje velkomen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, bunadsutstilling, kurs og festmiddag. Det faglege står høgt i setet, men det gjer også det sosiale samværet. Tema for 2021 er Kvinner i bunadshistoria. Fagdagane er for alle som jobbar med, eller er interessert i folkedrakt og bunad.


Meir informasjon om program og kurs kjem: husflid.no/fagsider/bunad_folkedrakt/fagdagane_i_bunad_og_folkedrakt/fagdagane_2021_kvinner_i_bunadshistoria


Sjå arrangementet på Facebook:

https://fb.me/e/c4oN1Hsuv


Arrangementet finn stad på Scandic Valdres. Det blir også lagt opp til besøk på Valdres folkemuseum og den nye utstillinga «Fyrstedamar i bunad». I tillegg til foredrag og utstilling vil du som deltakar ha moglegheit for å melde deg på kurs i ulike småteknikkar.


Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.






 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
Adresse
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Firma/Institusjon/Fylkeslag
Allergener?
Deltagerpris
 *
Overnatting/middag
Ta med egen broderiramme, voks, saks og lupe til kurset om "Grunnsaumar" og ta med voks, saks og spiss nål for ulltøy til applikasjonskurset. Sysaker elles er bra å ha! :)
Vil du delta på kurs?
 *