Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Fagdag Ettersøk UTSETT TIL 2023

Fagdag ettersøk er utsett til 2023:

Fagdag ettersøk vil diverre ikkje bli gjennomført i 2022. Tanken bak Fagdag ettersøk har frå starten av vore at ettersøksjegerar skal ha ein arena der ein kan utveksle erfaringar og knyte kontaktar. Mingling og den sosiale delen er vel så viktig som foredraga.

Med dei restriksjonane og den smitteauken som er no, ser vi at vi ikkje vil få den fagdagen som vi helst vil ha. Vi veit at mange har gledd seg til fagdagen i år, medan mange ikkje har meldt seg på grunna smittesituasjonen. Derfor kan vi meg glede melde at dei oppsette førelesarane har sagt ja til å kome til fagdagen neste år.


Vi beklagar dette og vonar det ikkje skapar bryderi for dokke som har meldt dokke på. Deltakaravgifta vil bli tilbakebetalt snarast.

Håpar vi sjåast neste år!


med venleg helsing ettersøksutvalet i NJFF Sogn og Fjordane 


Ettersøksutvalet ønskjer deg velkommen til Fagdag ettersøk laurdag 5. februar kl. 10.00 

Vi har sett saman eit spennande program for fagdagen. Etter at sjølve fagdag ettersøk er slutt kl 16, vert det eit populærforedrag av Joar Søhoel. Les vidare og meld deg på, så sjåast vi på Skei.


Deltakaravgift (dagpakke inkluderar lunsj og pausemat): Medlemer i NJFF: 650,- , andre kr 800,-
Overnatting bookes av den enkelte. Thon Hotel: 57727800 (Be om NJFF pris), Skei Servicesenter (camping/hytter): 57728234

Påmeldingsfrist: 23. januar
Ein må betale ved påmelding. Skal kommune eller andre betale, kan du sende krav til den som skal betale og legge ved stadfestinga du får når du har betalt.

Har du spørsmål du ønskjer vi skal lufte på fagdagen? Fyll ut dette skjemaet. Du treng ikkje oppgje namn om du vil spørje anonymt. 

Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane ved Ettersøksutvalet

Kontaktperson: Ann Kristin Gaare, [email protected], 41200591

Kontaktinfo NJFF Sogn og Fjordane: [email protected], 97076702, www.njff.no/sognogfjordane


Avbestilling: 5 dagar før eller tidlegare: Refusjon halv deltakarpris, 4 dagar eller seinare: ingen refusjon med unntak ved sjukdom/skade.



Foredragsholder Pål S. Jensen: 

På fagdagen skal Pål mellom anna snakke om lovverket rundt ettersøk og lovverket for jaktutøvinga.
Det er høve til å stille spørsmål til Pål på førehand ved å fylle ut skjemaet på påmeldingssiden, eller under «spørjepanelet» på slutten av dagen kor vi og tek opp innkomne spørsmål.
Pål ble først utdanna politimann i 1989 og har hatt mange roller sidan den gong, mellom anna som dommar og jaktoppsynsmann. I dag er han partnar i eit advokatfirma, har lang erfaring innan tvisteløysning og har ført fleire store saker for retten. Han er også jeger og ettersøksjeger, og har skrive fleire artiklar for jakt-magasiner, i tillegg til å være med å drive nettsida «jaktjus.no».

Foredragsholder Olav Greivestad.
Samfunnet er i endring. Jegarane forandrar seg.  Dette er nokre av temaene Olav Greivestad frå NJFF skal lufte med oss på fagdagen. Olav Greivestad er nyleg tilsett som ansvarleg for hund og ettersøk i Norges jeger- og fiskerforbund.
Det er høve til å stille spørsmål til Olav på førehand ved å fylle ut skjemaet på påmeldingssiden, eller under «spørjepanelet» på slutten av dagen kor vi og tek opp innkomne spørsmål.


Foredragsholder Dag Arne Matre.
Dag Arne har gått fleire hundre ettersøk på sør-vestlandet og har lang erfaring med å slippe hund på ettersøk, og han vil på fagdagen dele sine erfaringar. Dag Arne jobber til dagleg med robotteknologi, men han er ein ivrig ettersøksjeger, og med i det kommunale samarbeidet Sporhundsentralen i Haugalandet. Han er også ettersøksdommer og dommer for brukssprøve for Schweisshunder. Det er høve til å stille spørsmål til Dag Arne på førehand ved å fylle ut skjemaet på påmeldingssiden, eller under «spørjepanelet» på slutten av dagen kor vi og tek opp innkomne spørsmål.

Foredragshaldar Helga-Mari Tessem.
På fagdagen skal Helga-Mari dele sine erfaringar med trening av ettersøkshunden. Korleis starte og vedlikehalde sporgleden hos hunden.
Helga-Mari er ettersøksdommar og debuterte som jeger i 1994, og har etter det drevet mykje med jakt og ettersøk. Ho har og skrive boken «Jaktlykke», som kom ut i 2012. Det er høve til å stille spørsmål til Helga-Mari på førehand ved å fylle ut skjemaet på påmeldingssiden, eller under «spørjepanelet» på slutten av dagen kor vi og tek opp innkomne spørsmål.


Foredragshaldar Joar Søhoel
Joar Søhoel avsluttar fagdagen med filmshow :)  Her får de sjå lokking av hjort, filmklipp og høyre litt kva Joar driv med. 

Spørjepanel
Diskusjonstema - Utfordringer som offentlig ettersøksjeger.
Foredragsholdarane svarar på spørsmål.
Har du spørsmål til foredragsholdarane? Send inn på førehand så tek vi det i plenum.
Ordstyrer: Hilde Rotihaug, ettersøksutvalet


Informasjon om populærforedrag kjem etterkvart. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon