Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Enivest Alpint Skiskule Jølster - Gruppe A, B og C - 2023/2024

 

Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster IL Alpin i samarbeid med Enivest og Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!

Dei første vekene i sesongen vil Gruppe A og B trene saman i Hauglandsheisen (barnebakken). Nytt i år er at vi vil ha eit større skile mellom A- og B-gruppa. Gruppe A vil hovudsakleg fortsette med trening og skileik i Haugland, medan gruppe B flyttar til Kvamsheisen og Familiebakken, med meir fokus på alpin skiteknikk og køyring i portar. Om nokon ynskjer å bytte frå A til B eller omvendt i løpet av sesongen, er det ingen problem. Gruppe C er for dei frå 12 år og oppover som trenar aktivt med sikte på å konkurrere i alpint.

Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste Gruppe C. For nye medlemmer ber vi om at ein følger aldersgruppa som er rettleiande for gruppa. Dei som har vore med forrige sesong melder seg på i den gruppa dei tilhøyrer.

I år som i fjor vil vi arrangere Nybyrjarkurs. Nybyrjarkursa har eiga påmelding, sjå heimesida vår for meir informasjon og påmelding.

 

Vidare informasjon vil kun bli gitt på heimesida www.jolsteralpin.no og Facebook sida Jølster IL Alpin. Meld deg inn i dag! Etter man er påmeld vil man få invitasjon til appen Spond som er den vi nyttar for å organisere treningane og å gi retta informasjon til deltakarane.

  • Gruppe A og B

    • Aldersgruppe 2018-2012 (rettleiande)

    • Tidspunkt: måndag og onsdag kl 18:00 til 19:30. Oppstart er planlagt måndag 8. januar, gitt at det er snø i bakken og skisenteret åpner for dette. Vi held fram til månadsskiftet mars/april. Treninga vil være i området rundt Hauglandsheisen (barnebakken) dei første vekene, og når gruppe B er klar for det, vil dei flytte til Familiebakken. 

    • Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før, frå ca. 5 år og oppover. Treninga vil være i Hauglandsheisen, barneheisen ved mellomstasjonen. Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skileik og skiglede.

    • Gruppe B passar best for dei som har stått på ski nokre år, og ønsker å trene meir retta inn mot teknikk og alpin idrett. I byrjinga av sesongen trener gruppe B saman med gruppa A, før dei flyttar til Familiebakken, men også gruppe B vil ha litt skileik og varierte aktivitetar.

    • I desse gruppane må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.

    • For dei som er heilt nybyrjarar, anbefalar vi nybyrjarkurset som har ein separat påmelding. (Sjå heimeside/facebook)

  • Gruppe C

    • Aldersgruppe 2011 - og eldre aktive utøvarar. (fast nedre aldersgrense 12 år)

    • Treningstid: måndag og onsdager kl 17:45 – 20:00. Oppstart så snart bakken opnar. Held fram så lenge det er snø.

    • Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.

    • Treningane vil fokusere på Storslalåm, Super G og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)

For å delta i gruppe B og C er det ein forutsetning at ein har løyst gyldig heiskort hos Jølster Skisenter. Hauglandsheisen er gratis, men vi anbefalar likevel alle å ha heiskort, då gruppe A også vil få moglegheit til å prøve seg i "storebakken" om dei vil. Heiskort er å få kjøpt på nettsida til Jølster Skisenter gjennom heile sesongen. Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort,. Barn under seks år, samt 4. klassingar, får gratis sesongkort, men må kjøpe keycard og registrere dette på samme måte som om man kjøper sesongkort. Det vert anledning til å kjøpe rabatterte sesongkort for medlemmer av Jølster IL Alpin gjennom eigne kampanje i byrjinga av desember.

 

Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.


NB! Har du betalt treningsavgift for 22/23-sesongen i Spond, treng du ikkje melde deg på igjen her.

 

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.

Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Har du spørsmål, ta kontakt med Fabian Bergqvist mobil 413 06 576, eller send epost til [email protected]

Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter

 



Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon